inngang_administrasjon - web_1024.jpg

Endringar i administrasjonen

Frå nyttår blir det endringar i administrasjonen. Personal, arkiv og resepsjonen i 3. etasje blir ei del av økonomiseksjonen. Drift og IKT, inkludert resepsjonen i 1. etasje, blir ein eigen seksjon.

Det betyr at dagens Drift- personal- og IKT-seksjon blir delt i to. Knut Jarbo går av med pensjon til sommaren, og vil leie IKT- og driftseksjonen fram til Robert Haugan overtar som seksjonsleiar 1. mai.

Seksjon for økonomi, personal og arkiv vil bli leia av Cathrine Bøgestub.

Endringar i studie- og FoU-seksjonen

I studie- og FoU-seksjonen har dei leika stolleiken ei stund allereie, og dei endringane som vi vil merke er:

Tuva Aune Wettland vikarierer som kvalitetskoordinator fram til september. Ho stepper inn for Lisa Svensen som blei mor til ei jente 8. desember.

Tone Jordhus har gått inn i stillinga som internasjonal koordinator. Saman med Tone jobbar også Miriam Rintelen med internasjonale studentar og utveksling.

Guro Høimyr sluttar i januar, og oppgåvene hennar, kammermusikk, innpassing og godkjenning blir overtatt av Anne Mette Barnkob Wilhjelm Knudsen, som i haust arbeidd deltid med kammermusikk.

Sigrun Eng er forresten blitt fast ansatt, og skal fram til sommaren arbeide med timeplanar og arbeidsplanar.

Ellen M. Stabell har hatt permisjon for å ta doktorgrad. Ho kjem tilbake i studieseksjonen i januar og skal i hovudsak jobbe med studieplansaker.

Sist oppdatert: 14. desember 2016