NMH bygg ny logo

Bygga ved Musikkhøgskolen

Norges musikkhøgskole består av to moderne spesialbygg. 1. hus og 2. hus er blant Europas mest veleigna lokale for musikkutøving og -studier. 

Bygga våre

1. hus

Noregs musikkhøgskole fekk sitt eige bygg på Majorstua i 1989, eit bygg med strenge krav til akustikk og tekniske installasjonar. Huset har ein kammersal (Levinsalen) for inntil 120 sitteplassar og ein moderne utstyrt, amfiforma konsertsal (Lindemansalen) med 365 faste sitteplassar og sceneareal for eit symfoniorkester med kor.

Bygget har bibliotek, kantine og avanserte lydtekniske rom med innspelingsstudio, arbeids-, undervisnings- og øverom.

2. hus

I januar 2007 kunne alle dei tilsette og studentane på Musikkhøgskolen samlast på Majorstua, då nybygget var klårt for innflytting. Tilbygget omfattar dei fleste typer rom, undervisningsrom, auditorium for 100 personar, lærarkontor, øverom mv. Musikkhøgskolen fekk med det nye bygget og spesialrom for forsterka musikk.

Tilgang og universell utforming

Bygga våre har ulik grad av tilrettelegging for folk med funksjonshemmingar.

På nettsia «Bygg for alle» finn du ei oversikt over romma våre, der du òg kan søkje i tilgang for svaksynte, blinde, hørselshemma, døve, rullestolbrukarar, eller folk med andre rørslehemmingar.

Oversiktskart over 1. og 2. hus

Utsmykking

Kunstverka i 1. hus har høgskolen fått i samarbeid med Utsmykkingsfondet for offentlege bygg. Det er Paul Brandts "Kontrapunkt" - eit veggrelieff i kantina inspirert av Bachs "Die Kunst der Fuge", "Svevende prismer" av Carl Nesjar i foajeen, eit maleri av Therese Nortvedt og ein billedvev i tekstil og kopper av Ellen Lenvik i trappa ned mot kjellaren. Lindemans Legat ga midler til eit relieff i kvit marmor "Hexachord" av Knut Steen (Lindemansalen).

Utsmykkinga i 2. hus står kunstnaren Kathrine Giæver (foto) for. Det er eit stort fresco-maleri som går over fleire etasjer ved Auditoriet. Ho har og utforma kunstverka ved og på glassbrua, mellom husa.

Katrine Giæver står bak kunstverket i 2. hus

Katrine Giæver under arbeidet med å mure og male dei store freskane i 2007.

Kamera i salane

Vi gjer oppmerksam på at sceneområdet i Levin- og Lindemansalen blir observert via ein kameraforbindelse. Det er utvalde tilsette og arrangementsvertar på NMH som brukar kameraet under orkesterøvingar, prøvar, konsertar og eiga arbeidsplanlegging.

Sist oppdatert: 14. mars 2014