Lille balkong Oslo jazzfestival

Bakgårdsjazz med Serendip

Musikkhøgskolens eigne jazzfestival, Serendip, besøkte Oslo jazzfestival og synte publikum at dagens jazzstudentar kan meir enn punkterte åttandedelar.

Oslo jazzfestivals 30-årsjubileum er overstått, med alt frå Jan Garbarek til unge og lovande artistar i «Nordisk showcase», og fullsette salar over heile sentrum av hovudstaden. Skal ein vere heile Oslos jazzfestival er det naturlegvis på sin plass å vise fram kva som skjer blant jazzstudentane på byens viktigaste musikkinstitusjon, og difor har festivalen, i likskap med Kongsberg jazzfestival, inngått eit samarbeid med Norges musikkhøgskoles eigen jazzfestival, Serendip.

Alle banda består av studentar på Musikkhøgskolen, og desse studentane synte publikum at jazzstudiar er eit omfattande fagområde. Banda har tydelege konsept og gjennomtenkte arrangement.

Humor og alvor

I bakgården, som no har fått tak og blitt ein slags vinterhage, på Oslos nye kulturstasjon, Sentralen, var det tre ulike og karakteristiske grupper av jazzstudentar som fekk vise fram sin musikk.

Først ut var kvartetten Lille Balkong. Fronta av vokalist Thea Emilie Wang lagar dei drøymande jazzviser, som kunne høyrast svevande og lett naive ut i første omgang. I første låta på Oslojazzkonserten song Wang om å sveve med vinden som ein drage. Seinare kom meir alvorlege tekster frå for eksempel diktar Edgar Allan Poe, og ei låt om svenske kvinnediskriminerande rasistar, over komplekse og spenstige melodiar.

Med seg i kvartetten har ho gitarist Torstein Slåen, bassist Henrik Sandstad Dalen og trommeslagar Kenneth Enes Kristoffersen. Med smakfulle arrangement og vart samspel sørga dei for at dei finurlige melodiane fekk eit varmt og harmonisk uttrykk. På scena var der mykje smil og latter, og gruppa levde opp til det humoristiske bandnamnet.

Lille Balkong hadde samspill og det kollektive i fokus, og spelar ikkje såkalla «køjazz» med lange soloparti. Slik får dei til å fungere som eit organ og skape uttrykk som underbygger tekstene. Å lære å fungere saman på denne måten er nok like viktig som de musikkteoretiske.

UFO-konspirasjonar

Dei to neste gruppene på programmet har også forstått mykje om gruppementalitet, og at jazz er mykje meir enn swingrytmer. Band nummer to, Billy Meier, har henta namnet sitt frå den sveitsiske UFO-konspirasjonsteoretikaren Eduard Albert Meier. Gjennom 70-talet publiserte han ei rekkje fotografi og anna materiale han meinte var bevis for kontakt med utanomjordiske vesen.

Bandet Billy Meier har kasta seg over denne tematikken og skapt eit morosamt og sterkt uttrykk med ein miks av jazz, folkemusikk, psykedelisk rock og 70-talsfusion. Låtane deira har akrobatiske melodiar, framført av fløytist Henriette Eilertsen og fiolinist Hans Kjorstad, akkompagnert av eit variert spenn av rytmer frå trommeslagar Ivar Asheim, gitarist Sander Nordahl og bassist Martin Morland. Plutseleg slår dei til med meir fritt improviserte innslag og støyande element, og skapar eit corny og mystisk uttrykk.

alt

Milde moses

Mykje meir enn akkordskjema og swing

Siste band ut, Milde Moses, har også sans for det konseptuelle. Leia av vokalist August Kann har dei sin eigen vri på negro spirituals, med kontrastfylte og tunge arrangement. Kann har eit sterkt fokus på tekstformidling og historieforteljing, medan dei øvrige bandmedlemmane, saksofonistar Sigrid Afret og Kristoffer Lippestad, bassist Håkon Bjørgo og trommeslagar Trond Martin Tanke, spelar opne og dynamiske arrangement for å fremje desse forteljingane.

Det viktigaste alle tre gruppene synte for oss i publikum var at dagens jazzstudentar tenker på mykje meir enn akkordskjema og virtous improvisasjon. Med tett samarbeid og samspel framstår dei som heilskaplege kunstnarar som skapar konsept og konsistente uttrykk som kan overførast til alle mulige musikksjangrar. Kvar dei får idéane frå er ikkje godt å seie. Gudane veit kva som dukkar opp på neste års Serendipfestival!

Norges musikkhøgskoles eigne jazzfestival, Serendip, går føre seg kvar vår. Festivalens konsertar på årets Oslo jazzfestival gjekk føre seg fredag 19. august. Du kan høyre Lille Balkong, Billy Meier og Milde Moses på Soundcloud.

Sist oppdatert: 1. september 2016