Jakob Kullberg hovedbilde

Karriereeventyr for Kullberg

2016 har vore eit godt år for cellist Jakob Kullberg. Medan han enno har eit år igjen som kunststipendiat ved Norges musikkhøgskole er han allereie i gang med sitt virke som celloprofessor ved prestisjetunge Royal College of Music i London.

For ein journalist i Oslo skulle ein tru det praktiske knyta til å gjere intervju med tilsette på Norges musikkhøgskole var rimeleg enkelt. Det er lett å vite kvar ein kan finne dei, sant? Men livet som musiker og forskar er meir komplisert enn som så. I alle fall for den danske cellisten Jakob Kullberg (40), som sjonglerer sin arbeidskvardag mellom Oslo, Stavanger og London – medan han bur i København. I tillegg kjem all anna reiseverksemd som følger med musikeryrket.

Heldigvis har vi andre moglegheiter enn å møtast på Musikkhøgskulen, og Kullberg finn etter ein del korrespondanse tid til eit Skype-intervju frå hans base i den danske hovudstaden.

Komponerande solist

Og vi har mykje å snakke om. Kullberg nærmar seg sluttfasa av sitt stipendiatprosjekt på Norges musikkhøgskole, der han utforskar og utfordrar rolla ein spelar som utøvar og solist ovanfor ein komponist. Det arbeidet går føre seg i to prosessar: «Transmogrifikasjon» og «dialogisk komposisjon». Kva i all verda betyr det?

– Transmogrifikasjon er ei form for forvansking, fortel Kullberg. Han er den første som brukar omgrepet i ein musikalsk samanheng. – Det betyr at i staden for berre å spele komponistens musikk, så har eg co-creative tilgang til eit musikalsk samarbeid. Og eg insisterer på at om eg skal samarbeide med ein komponist, så er eg ikkje berre cellist, men også involvert i det kreative arbeidet med musikken, forklarar Kullberg. – Det kan vere både som komponist, eller i andre samanhengar meir som arrangør, held han fram, og fortel engasjert om alle mulige sider av arbeidet. Trass ein travel kvardag verkar den danske cellisten å vere fylt av energi.

Medan Kullberg er viss på at dette arbeidet vil vere stimulerande og utviklande for hans virke som cellist, har forskingsarbeidet allereie resultert i spennande samarbeid på aller høgste nivå.

– Som ein del av stipendiatprosjektet har eg i haust spelt inn ein versjon av Kaija Saariahos 2. cellokonsert, Notes on Light med BBC Philharmonic Orchestra. Der har eg skrive kadensen, fortel Kullberg.

Dette er berre ein av totalt fem planlagde cellokonsertar han skal spele inn med BBC-orkesteret, der den første altså er som ein del av hans forsking ved Musikkhøgskolen. Andre orkester som er involvert i stipendiatprosjektet er Bergens filharmonien, Sinfonia Varsovia og New Music Orchestra (Polen).

Les meir om stipendiatprosjektet.

Teksten fortset under biletet.

alt

Professor i London

Ved sidan av denne prestisjetunge kombinasjonen av utøvande verksemd og forsking har Kullberg også ei karriere som pedagog, som har tatt eit hopp i løpet av det siste året.

Han er allereie førsteamanuensis ved institutt for musikk ved Universitetet i Stavanger og såkalla «Associate» ved Royal Academy of Music i London, som har eit eige system for titlane dei gir lærarane sine. I haust tok han også til som celloprofessor ved sjølvaste Royal College of Music i den britiske hovudstaden, som er rekna som eit av dei aller beste konservatoria i verda.

– Det er ikkje ei stilling ein berre kan forvente å lande, og eg hadde ingen tilknyting til skulen frå før. Men som musikar lærer ein seg å prøve utan å vere redd for å bli skuffa, og utviklar ei avslappa haldning til slike situasjonar, forklarar Kullberg.

Ubeskjeden

Likevel legg han ikkje skjul på at han heile tida har sett på seg sjølv som ein kvalifisert kandidat.

– For å bli professor må ein både ha ein internasjonal profil som solist, internasjonal karriere som pedagog og vere så etablert at du fungerer som ein «magnet» for studentar, fortel han. – Trass min unge alder har eg allereie lang erfaring bak meg, både som pedagog og utøvar.

Det seier seg sjølv at dette er ei attraktiv stilling for alle seriøse cellistar – same kvar du er frå – og at konkurransen var hard. Det viste seg også raskt at Kullberg hadde ein særskild sterk konkurrent til stillinga, nemleg den berømte cellisten Raphael Wallfisch, som allereie hadde vore gjesteprofessor ved instituttet. Heldigvis enda det opp med at begge to blei tilsett.

Medan Kullberg gjerne fortel i lange baner om både utøving, undervisning og forsking er han meir beskjeden når eg spør korleis det heile kjennest. Men dette er vel eit karrierehøgdepunkt?

 – Jo. Bestemt, seier han med eit skeivt smil.

alt

Sist oppdatert: 11. januar 2017