Ivar Grydeland spiller - utsnitt

Stillfaren stabeis

Ivar Grydeland har ein motstand mot dei fleste merkelappar ein vil feste på han. Kanskje er det drivkrafta bak hans unike stipendiatprosjekt?

Berre dagar før Ivar Grydeland skal legge fram sitt stipendiatprosjekt ved Norges musikkhøgskole – resultatet av over fire års arbeid og lange tankeprosessar rundt sitt eige virke som improvisasjonsmusikar – tek han seg tida til å møte meg for ein prat og ein kaffe i kantina. Musikkhøgskolekantina har ei god atmosfære for gode samtalar, i alle fall før rushet ved lunsjtid slår til. Førebels ser ikkje kandidaten særskild prega ut, men han legg heller ikkje skjul på at innspurten kan vere både nervepirrande og hektisk. Eg lovar å ikkje bruke mykje meir enn ein time på intervjuet.    

Kva tenkjer du på når du tenkjer på improvisasjon?

Sidan 2011 har Grydeland vore stipendiat og arbeida med prosjektet som etter kvart har fått den noko mystiske tittelen Ensemble & Ensemble of Me – What I think about when I think about improvisation, og eg kan ikkje motstå freistinga til å opne intervjuet med nettopp dét: Kva tenkjer du på når du tenkjer på improvisasjon?

– Hehe. Det kjappe svaret er vel at det er veldig mykje. Og at det er avhengig av situasjonen. Men akkurat for stipendiatprosjektet så har tanken vore å prøve å knyte nokre omgrep til korleis den musikken oppstår i akkurat dei to ensembla som eg har teke utgangspunkt i, byrjar Grydeland.

I forskinga på improvisasjon har han altså teke utgangspunkt i to av sine faste ensemble, Dans les Arbres og Huntsville, og ganske konkret bygd opp eit vokabular av omgrep knyta til deira musikalske prosessar gjennom ein encyklopedi som er fritt tilgjengeleg på nett. I tillegg til encyklopedien har han avlevert fleire kunstnariske produkt i form av konsertar og utgjevingar, med Huntsville og som soloartist.

– Omgrepa skal syne korleis det ser ut frå mitt perspektiv. Mi oppleving av korleis musikken blir til, og kva slags kriterier som er gjeldande i musikken vår. Det skal ikkje vere ein objektiv fasit om musikken. I så fall burde vel nokon andre enn eg stå bak arbeidet, seier han audmjukt.

Refleksjonar som reflekterer musikken

Med andre ord er encyklopedien, som blei fullført november i fjor, eit forsøk på å legge fram nettopp kva Ivar, og ikkje naudsynleg nokon andre, tenkjer på når han tenkjer på improvisasjon, og er soleis eit ganske personleg prosjekt, i tillegg til at dei fleste med interesse for musikk og improvisasjon vil finne den fagleg interessant.

– Det er eit arbeid som kunne heldt fram i det uendelege, og sjølv om eg har avslutta dokumentasjonen av tankane for denne gang stoppar jo ikkje refleksjonen. Allereie no har eg fleire tankar om ord og omgrep eg kunne supplert med, seier han.

I likskap med Grydelands framtoning som person, og for så vidt også musikken han gjer som soloartist eller i Huntsville og Dans les Arbres, framstår encyklopedien som ein stad for roleg ettertanke, der ein gjerne må bruke litt tid på å sjå seg rundt for å forstå korleis det heng saman, og ta seg tid til å smake på kvart einskild ord.

 – Eg ville at refleksjonane i encyklopedien skulle reflektere ulike sider av musikken, som til dømes at den er bygd opp lagvis, med element som går inn i kvarandre og heng saman, samtidig som det er publikum som må lage sine eigne samanhengar, forklarar Grydeland.

Fortset under biletet.

Ivar Grydeland med kappe og hjelm

Paradoksal musikk

Musikken Grydeland og hans faste samarbeidspartnarar i Huntsville og Dans les Arbres lagar, er ikkje pubertal improvisasjonsmusikk med plutselege utbrot av heftige passasjer, slik til dømes frijazz ofte kan vere, men konseptuell, ofte stillfaren og tilsynelatande gjennomtenkt musikk som utviklar seg tolmodig, kontrollert og gradvis. Samtidig er der heilt klart ein viss fridom og rom for spontanitet.

Stilmessig er der både distinkte referansar, slik som Huntsville har til country eller amerikansk folk, og svært eklektiske totalbilete. Kven kan eigentleg forklare kva for tradisjon dei står i? Sjølv om mange av musikarane er jazzutdanna, og mange vil knyte dei til eit jazzmiljø, er der lite som minner om utprega jazz i lydbiletet.

Med slike motsetjingar kan ein godt forstå at der utvikla seg eit behov hjå Grydeland for å undersøke kva som eigentleg går føre seg når han improviserer med desse ensembla.

– Eg føler at eg kan gjere akkurat det eg vil i dei ensembla. Men der er likevel veldig mykje av det eg synest låter fint og som eg vil få ut av gitaren, som eg vel å ikkje bruke i Huntsville eller Dans les Arbres, fordi det på ein måte ikkje passar inn i settinga, fortel han.

– Spesielt med Dans les Arbres blir konsertane ofte veldig beslekta, på den måten at vi gjerne bygg vidare på idear som kan minne om den føregåande konserten. Slik sett skulle ein kanskje tru at det er litt låst i eit konsept eller eit uttrykk, men paradoksalt nok føler eg meg fri til å gjere det eg vil.

Oppvekst i jazzby

Lunsjrushet tek til i kantina på Musikkhøgskulen og Ivar spør om vi kanskje skal trekke oss litt bort frå folkemengda og støyen. Han viser veg til sofakroken litt lenger inn i foajeen og eg spør vidare. Medan refleksjonane og musikken durar på inn i framtida, er eg nyfiken på Grydelands fortid. Korleis enda han opp med å vie sitt profesjonelle liv til akkurat denne musikken? Heilt i byrjinga var der kanskje ikkje så mykje som tyda på at det skulle bli ei musikalsk karriere seinare i livet.

– Det var ikkje så veldig mykje musikk i min barndomsheim. Eg fann etter kvart den gamle frelsesarmé-gitaren til mutter’n, medan pianoet vi hadde blei selt rett før eg byrja å vise nokon særskild interesse for musikk. Så då blei det til at eg spelte på den gitaren då, fortel han. Oppveksten var i Kongsberg, og etter kvart kom der impulsar til Ivar utanfor heimen.

– På ungdomskulen hadde eg ein veldig bra musikklærar som backa meg opp. Han blei sikkert glad for å ha ein elev med litt ekstra interesse. Så han blei veldig viktig for mi utvikling, trur eg. Musikkmiljøet i Kongsberg, med sin årlege, myldrande jazzfestival og mykje konsertaktivitet også elles i året, har også hatt sitt å seie.

– Jazzfestivalen og jazzklubben har vore viktig, og eg ser at dei musikalske vala eg har tatt er veldig farga av å vokse opp i Kongsberg. Eg hugsar godt å vere for ung til å kome inn, men likevel stå utanfor Odd Fellow, der Jazzklubben heldt til før i tida, og høyre på. Klubben var veldig aktiv, og der var mange flinke artistar som kom på besøk. Isolasjonen var ikkje all verden, så der var ganske god lyd ute på gata! humrar han.

– Og då eg byrja å gå på jazzfestivalen var der stadig eit eller anna obskurt band frå New York og miljøet rundt den eksperimentelle jazzklubben The Knitting Factory, som var det store den gangen. Eg fekk høyre mange veldig kule ting derfrå på grunn av festivalen, så det har nok farga mykje av mi interesse, slår han fast.

Kamp mot gitaren

Med desse opplevingane er det ikkje så rart at vegen etter kvart leia fram til jazzlinja på Norges musikkhøgskole i 1996. Det er prestisjetungt nok, og særleg for ein gitarist, å bli tatt opp på eit slikt studie, men Ivar var likevel ikkje heilt komfortabel med den typiske jazzgitar-tradisjonen. Det merka han kanskje allereie på vidaregåande.

– På vidaregåande øvde eg veldig mykje, og gjerne på meir typiske ting som å sitte med jazzklassikarsamlinga The Real Book og terpe skalaer, og på å spele briljant, fort, fint og reint, fortel han.

– Slik heldt eg på gjennom heile vidaregåande, og var oppteken av gitaristar som Pat Metheny og andre moderne jazzgitaristar. Men eg syns liksom aldri det blei noko særleg, og der var ingen å spele med som heldt på med det same, så eg følte ikkje at eg var heilt på rett hylle. Dessutan er der så mange som driv med det der, som er så utruleg flinke! Så å sitte å fikle for seg sjølv blei litt demotiverande, seier han og ler.

Det kulminerte med det han kallar ei «musikalsk krise» etter at han blei tatt opp på Musikkhøgskulen. Slikt blir det kreative løysingar av.

– Eg slutta heilt å spele slik musikk sommaren etter at eg hadde kome inn på Musikkhøgskulen. Den same sommaren spelte gitaristen og vokalisten Nils-Olav Johansen på jazzfestivalen i Kongsberg, og eg kom i prat med han. Då skjønte eg at han stemte gitaren annleis, og eg tenkte «Aha! Det vil eg òg gjere!», fortel Ivar.

Slik gjekk det til at han spelte med gitaren stemt i kvartar heile vegen, med C og F på dei to lysaste strengane, i mange år.

– Den symmetrien som det opnar for, og berre det å få gitaren til å låte litt mindre typisk gitar, sidan dei vanlege akkordane måtte endrast med den nye stemminga, appellerte veldig til meg den gangen, seier han.

– Så eg byrja med det den sommaren før eg starta studiet på Musikkhøgskulen. Eg var veldig sta og nekta å gå tilbake til vanlig stemming. Eg nekta også å lære meg dei typiske gitartinga, for eg ville ikkje at det skulle låte slik meir. Det var nok ikkje berre enkelt å vere læraren min.

Grydeland slår meg ikkje umiddelbart som ein vriompeis, med si høflege og sindige framtoning. Men det teiknar seg etter kvart eit bilete av ein stillfaren stabeis, som heilt roleg går sine eigne vegar og ikkje let seg påverke for sterkt av krefter utanfrå.

Motstand mot knaggar

Seinare har han likevel gått tilbake til den konvensjonelle måten å stemme gitaren på, men forteljinga illustrerer korleis ein motstand mot det typiske og forventa har skapt utforskar- og skapartrong hjå Ivar Grydeland. Motstanden mot gitaren leia han inn på nye musikkformer, og han nemner mellom anna engelsk improvisatørar som Derek Bailey og Tony Oxley, med minimalistiske, rapide strukturar.

Etter kvart fann han også fram til alle dei som i dag er hans makkarar i Dans les Arbres og Huntsville, altså Christian Wallumrød, Xavier Charles, Tonny Kluften og ikkje minst Ingar Zach, som er med i begge prosjekta, og som stadig vekk har dukka opp på plakatar ved sidan av Grydeland i mange ulike konstellasjonar.

Til trass for at vi no har eit litt tydelegare bilete av kvar inspirasjonen kjem frå, er Grydeland motvillig når eg prøver å setje musikken hans i bås.

– Eg kjenner meg ikkje igjen i omgrepet «fri-improvisasjon», i alle fall, seier han klart og tydeleg. – Der er mykje av musikken vår som er improvisert, og som har noko som handlar om fridom, men det dei fleste assosierer med fri-improvisasjon er for meg noko heilt anna, held han fram.

Fortset under biletet.

Ivar Grydeland spiller på knotter

Runddans med omgrep

Dermed er vi tilbake til paradoksa og dansen rundt omgrepa og tankar om musikk, improvisasjon og alt i mellom. Skal vi forstå noko meir må vi berre opne encyklopedien og byrje å utforske alle rutene mellom dei 53 omgrepa som er lista opp der, og vi vert inviterte til å byrje der vi vil og gå oss ville i krysslenkinga.

– Refleksjonane er både sjølvmotseiande, og fører gjerne tilbake til ordet ein byrja på, slik det ofte er når eg tenkjer, og slik eg vil tru det er når dei fleste andre tenkjer òg, forklarar han.

På disputasen nokre dagar seinare demonstrerer han fleire slike ruter gjennom encyklopedien, som til dømes denne: Frå ein Alexander Calder Mobile til «Balance», tilbake til Calder, men så vidare til «Referent». Gjennom utallige slike kombinasjonar kan vi delta i og observere Grydelands refleksjonar.

Verdifullt

Sjølv går han vidare til meir undervisning og arbeid på Norges musikkhøgskole, og det vert hinta til ei større konferanse mot slutten av året. Musikken og refleksjonen med medmusikantane Dans les Arbres og Huntsville held også fram, kanskje med enno større inspirasjon og overskot enn før?

– Eg har eit anna grunnlag no for undervisning, og eg både ser og høyrer at eg har utvikla meg som utøvar. Rettleiarane eg har hatt her, Henrik Hellstenius, Ivar Frounberg og Eivind Buene har vore veldig bra, og desse åra som stipendiat har vore veldig verdifulle, konkluderer Grydeland, og ser på klokka. Eg sender han tilbake til innspurten og mannar meg opp til enno ei reise gjennom encyklopedien.

Sist oppdatert: 7. mars 2016