Morten Qvenild skrur på knotter

Tem elektronikken

Musikarar i vår digitale tid står ovanfor ei endelaus rekkje moglegheiter, som igjen skapar endelause rekkjer av avgjersler og val. Morten Qvenild har brukt fire år på å ta kontroll over elektronikken – og å gi den frå seg.

Sidan han entra scena i norsk musikkliv mot slutten av nittitalet har han vore uredd, fordomsfri og utmerka seg både som pianist og elektronisk lyd-designar i ei variert rekkje av banebrytande og leiande prosjekt: Jaga Jazzist, Shining, hans eigen trio In the Country, supergruppa the National Bank og ikkje minst var han det magiske orkesteret i Susanna & the Magical Orchestra.

Men sjølv med den CV-en bak seg har Qvenild vore svolten på å ta det til eit høgare nivå.

– Det byrja med ein frustrasjon over at flygelet var ikkje nok, og at den lydverda som er i det instrumentet ikkje passa meg heilt. I lang tid fungerte flygelet og arbeidet mitt med elektronikk som to isolerte storleikar, før eg førte dei meir saman med Susanna. Då skjønte eg at det var måten å gjere det på, fortel stipendiaten.

HyPer(sonal) Piano

Den foreininga blei frøet som vaks fram til stipendiatprosjektet han ferdigstiller i august, HyPer(sonal) Piano. I fire år (inkludert ein pappaperm) har Qvenild forska på forholdet mellom seg sjølv, flygelet og elektronikken. Sjølv ein erfaren musikar som Qvenild hadde mykje å finne ut av i dei endelause moglegheitene som kjem med digitale og elektroniske effektar. Han har kalla det å utvikle flygelets «soniske palett».

– I byrjinga tenkte eg at det dreia seg om å foreine elektronikken og flygelet for å finne fram til den paletten som eg trengte for å realisere «mitt» uttrykk, fortel han. Prosessen han har vore gjennom har fått han til å tenkje litt annleis. – No ser eg det meir som eit samspel mellom meg sjølv, boksene og også det skriftlege arbeidet knyta til prosjektet. I staden for at eg skal sitje som den eineveldige kunstnaren, har eg blitt meir og meir oppteken av at elektronikken skal kunne gi meg ein på trynet.

Slik har han utvikla sine dugleikar: Gjennom å balansere mellom total kontroll og å opparbeide så komplekse tekniske løysingar at han mistar den litt igjen.

alt

Transparent prosess

Arbeidet har resultert i eit soloalbum der han utforskar samspelet mellom seg sjølv og dei ulike verktya. I tillegg har han tatt med seg utviklinga og arbeidet inn i fleire av prosjekta han er involvert i saman med andre, som til dømes In the Country-samarbeidet med Solveig Slettahjell og Knut Reiersrud.

– Å arbeide i ulike kunstnarlege settingar har vore essensielt for utviklinga. I samspel med andre blir det stilt andre krav til både meg sjølv og instrumenta, fortel han. – Arbeidet har gjort meg sikrare og meir modig kunstnarleg, og eg er framleis like open for ulike uttrykk.

I august blir arbeidet presentert med to konsertar. Ein kveld med tre ulike duoar: Med trompetist Hilde Holsen, Al khowarizmis mekaniske orkester og trommeslagar Gard Nilssen. Elles er Qvenild også oppteken av å formidle og dele forskingsprosessen.

– Alt blir gjort tilgjengelig gjennom både tekst, lyd, bilete og video på ei eiga nettside, forklarar han, og han er også open for inntrykk gjennom tilbakemeldingar frå utanforståande. – Bloggløysingar med kommentarfelt hadde vore interessant i slike prosessar, seier pianisten.

På Research Catalogue kan særskild interesserte allereie følge prosessen han har vore gjennom, kronologisk frå første dag han byrja som stipendiat. Det kunstnarlege resultatet vil du kunne merke i eit vell av ulike utgjevingar i årevis.

Morten Qvenild speilbilde

Sist oppdatert: 13. juli 2016