Misha Alperin f Kyrre Lien web Øverst i feature.jpg

Verda utan grenser

For Mikhail «Misha» Alperin er livet ein fest, og han bur i paradis. Når 60-årsjubilanten vert feira i november vil han syne publikum ei verd utan grenser. Sjølv veit han kor avgrensa den kan vere.

60 år

Musiker og professor Mikhail Alperin fyller 60 år 7. november. Jubileet vert feira med konsert i Kulturkirken Jakob i Oslo.

Misha_alperin_0045 - web.jpg
Mandag 7. november
kl. 19.30

Etter 60 år på planeten og 23 år i Noreg er det i november duka for ei feiring av pianist, komponist og professor Mikhail «Misha» Alperin. Jubilanten har ein heil del å feire, og stadig mykje å formidle. Med ein bakgrunn frå Ukraina, Moldova og Russland under Sovjetunionen er han ikkje heilt som andre norske musikarar, og har sett sitt preg på både Norsk og internasjonalt musikkliv både som utøvar, komponist og lærar for fleire av våre fremste musikarar.

Nokre veker før alt dette skal markerast med jubileumskonsert i Jakob kirke får eg møte Alperin for ein prat i sofakroken heime i stova i Asker, der han bur i eit roleg og idyllisk nabolag saman med sin ektefelle, samarbeidspartner og medmusikant Evelina Petrova. Alperin meiner sjølv han bur i paradis og er meir enn tilfreds med livet, men den erkjenninga legg ingen dempar på engasjementet.

Kvifor gret vi?

Framoverlent i sofaen sprett samtalen raskt mellom kvardagsleg småprat, musikkspørsmål og tema som djupe, eksistensielle teoriar og kvantefysikk. For Alperin er dette heilt naturleg, og musikken og sjølve eksistensen er to sider av same sak. Både temperamentet, engasjementet og samtaletema skil seg raskt frå dei norske musikarane eg vanlegvis snakkar med, for Alperin har ein ganske anna bakgrunn enn dei fleste.

alt

Misha blei fødd i byen Kamjanets-Podilskyj i Ukraina, og musikken hadde ein naturleg plass i oppveksten.

– Mor mi jobba i musikkbarnehage og var min aller første musikklærar. I dag bur ho i Israel og ringer stadig og klagar på det ustemte pianoet sitt, fortel han lattermildt. Med ein far som var professor og forfattar og ikkje minst ein bestefar som var kantor i syngagoga og komponist, var det ikkje rart at oppveksten blei prega av musikk og kultur.

– Eg spelte piano frå eg var fem år gamal, men sjølv om det gjekk lett for meg, var det ikkje særskild spanande. Det som var spanande for meg var at folk gret då dei høyrde musikk. Eg forstod det ikkje, eg gret ikkje. Ikkje før eg var nitten år og høyrde Rakhmaninovs andre pianokonsert, fortel han. Før den tid hadde han, som tenåring på søttitalet, for lengst oppdaga vestleg rock'n'roll og allereie lang fartstid som musiker og musikkstudent. - Men å spele musikk var berre noko som var lett og naturleg for meg, forklarar han. Ingenting hadde rørt og sjokkert han som Rakhmaninovs andre pianokonsert gjorde.

Forboden musikk

I tillegg til dimensjonen rundt gripande kunst var der ein motstand i det å vere musiker for Misha. I Sovjetstaten Ukraina var ikkje den gangen ikkje-vestleg populærmusikk særskild populært frå myndigheitene si side, og det gav han ei spenning i seg sjølv.

– At det var forbudt gjorde det ekstra spennande. Å synge på engelsk var forbode, og eg måtte til politiet fleire gangar saman med mor, der eg fekk streng beskjed om å halde meg til russisk, fortel han. Men det stogga ikkje han, og gjennom oppveksten og ungdomstida spelte han alt frå band og artistar som Beatles, Uriah Heep og Stevie Wonder i alle mulige samanhengar. Samtidig byrja han også tidleg å eksperimentere med å synge på ukrainsk, og den første låta han komponerte sjølv var ein ukrainsk blues. Seinare har folkemusikken spelt ei viktig rolle for han.

I tillegg til sensur frå øvrigheita var der lite støtte frå menneska rundt Misha då han gjekk for ei karriere som musiker.

– Folk syntes eg skulle få meg «ein skikkeleg jobb», og den generelle haldninga var at ingen trong musikk. Mor mi ville at eg skulle bli tannlege, advokat eller snikkar, fordi det var trygt og stabile yrke. Bestefar min, som sjølv var komponist og musiker, sa: «Du må vere lukkeleg! Ikkje musiker! Å vere lukkeleg musiker er veldig sjeldan», fortel han og ler.

Balkanmusikk i bryllaup

Men musiker blei han, og søken etter fridomen i musikken førte han ut av heimlandet. Han flytta hundre kilometer frå heimbyen allereie då han var fjorten for å studere musikk, men usemje med leiinga der gjorde at han etter kvart reiste vidare.

– Eg var ikkje interessert i alle faga dei ville prakke på meg, som til dømes militærfag eller kommunistpartifag. Eg ville spele musikk! Så til slutt blei eg kasta ut derifrå og havna på ein musikkskule i Moldova, forklarar Misha. I Moldova var der meir fridom og fleire som delte hans interesse for folkemusikk.

– Der var det skikkelig balkanmusikk, og etter kvart fekk eg spele i fleire bryllaup. Den gangen tenkte eg at det var noko eg gjorde for å tene pengar, men i ettertid har eg forstått at det var dette som var den ekte skulen for meg, på samme måte som jazzklubbane i New York er den ekte skulen for jazzmusikarane der. Eg spelte ofte i bryllaup både fredag, laurdag og søndag og lærte masse av musikk eg ikkje kjente til frå før, fortel han. Slik blei balkanmusikk, saman med klassisk musikk, dei to grunnpilarane i hans musikalske oppvekst.

– Keith Jarrets Belonging, kona mi
og Norges musikkhøgskole.
Det er ein ganske fin trio å
knyte skjebnen sin til.

Livet er ein fest

Etter studietida flytta Misha til Moskva, og var der i ti år frå 1983 til 1993. Det var der han forma ei av gruppene han er mest kjend for, Moscow Art Trio, som i likskap med Alperin åleine er kjend for sin miks av samtidsmusikk, improvisasjon og folkemusikk. Men det var ein ganske anna type musikk som i utgangspunktet førte han til den russiske hovudstaden.

– Eg fekk jobb i jazzrockensemblet i Arsenal, fortel han, og mimer ein vegg av synthar rundt seg. – 5000 watt på scena. I byrjinga var det gøy, men etter eit år var det nok. Eg ville ikkje spele amerikansk musikk, eg ville spele min eigen musikk.

– Du ville finne di eiga stemme?

– Nettopp. Det blei mi livsoppgåve. Du må søke etter di eiga stemme, så må du gløyme, forklarar han.

– Kva skjer når du har funne den?

– Då trivst du, seier Misha og smiler. Den trivselen har han funne i Noreg.  – Eg berre trivst! seier han, slår ut med armane og ler hjarteleg. – For meg er livet ein fest!

Eit viktig steg på vegen mot si eiga stemme kom heldigvis lenge før han endte opp her, då skjebnen ville ha det slik at ein av hans næraste naboar i den digre byen delte hans musikalske interesser.

– I Moskva kjende eg ingen, og der er du ikkje viktig for nokon. Det einaste du kan gjere er å håpe på at Gud vil gi deg i alle fall éin ven som er musiker, fortel Misha. Og Misha blei høyrd:  – Arkady Shilkloper, hornisten frå Moscow Art Trio, var naboen min! Og ein dag høyrde han at eg øvde gjennom vindauget, fortel han. Saman med klarinettist og sangar Sergey Starostin har dei gitt ut åtte album og turnert verda rundt.

Kjærleik til kvar tone

Moscow Art Trio har vore med han sidan den gang, og samarbeidet med Shilkloper førte også til den første utgjevinga på det svært høgt akta selskapet ECM, der samarbeidet med sjefen, Manfred Eicher, også har vore eit viktig element i Alperins karriere. Men likevel førte søkinga han frå Moskva til Noreg. Han besøkte landet for første gang i samband med Vossajazz i 1989, og slo seg ned her i 1993.

Han byrja tidleg å undervise musikkstudentar på Musikkhøgskulen i improvisasjon. Det var før skulen fekk ei linje for jazz- og improvisasjonsmusikk, og Misha følte nok at han hadde noko vesentleg å lære elevane som studerte klassisk musikk.

– Første gang eg høyrde ein konsert på Musikkhøgskulen var det pianistar som spelte alt for sterkt og fort, utan kjærleik til kvar tone. Kjærleiken må vere base for alt, forklarar han, og peikar på at det innanfor klassisk musikk diverre ofte kan vere konkurranse som er basen i staden for. Misha siterer Béla Bartók: - Konkurranse er for hestar!

Ein heilag trio

Heldigvis var ikkje den første konsertopplevinga hans representativt for heile musikklivet her til lands, og Misha er meir enn nøgd med at han til slo seg til ro i Noreg. – Eg laga Blue Fjord-plata før eg var i Noreg for første gang, seier han – og legger til at det var mange ting som drog Misha mot Noreg, som nordmenns audmjuke og uhøgtidelege livsstil, og ikkje minst den enkle, stille, urørte og reine naturen.

– Dette er ei oase på ein misbrukt planet, slår han fast. Samtidig advarer han mot overflod og kapitalisme: – Med alt ein har tilgang til i dag av musikk, pengar og kva som helst, vert folk likegyldige. Ingen er svolte.

Men Misha veit å setje pris på det livet har skjenka han. Som eit ledd i ei lengre lekse om numerologi og komplisert kvantefysikk og verdas ende, listar han også opp tre sentrale ting som har ført han til Noreg og gjort livet til den festen det er i dag. Alle tre blei «født» omtrent samtidig:

– Keith Jarrets Belonging, kona mi og Norges musikkhøgskole, fortel Misha opprømt. Det er ein ganske fin trio å knyte skjebnen sin til: Jarrets Belonging er i følge Alperin, og han er neppe åleine, ei av dei viktigaste platene for både norsk og europeisk jazz. Musikkhøgskolen snakkar for seg sjølv, og kona hans er også ein sentral samarbeidspartnar musikalsk og til dømes i planlegginga av den komande jubileumskonserten.

Verda utan grenser

Dei som møter opp i Jakob kirke på bursdagen vil kunne oppleve eit breidt spekter av Alperins musikalske virke, frå nemnte Moscow Art Trio, hans komposisjonar til Oslo kammerkor og duettnummer med ektefellen Evelina Petrova. I tillegg skal fleire av pianostudentane han har hatt på musikkskulen, Eyolf Dale, Andreas Ulvo, Helge Lien og Arthur Kay Piene, spele saman som eit pianoensemble.

– Kva vil du syne oss med denne konserten?

– Verda utan grenser. Det er mi oppgåve med musikken: Å syne at grensene berre er inni oss, ikkje utanpå. Derfor må vi skape, eller omgå, grensene innanfrå, fortel pianoprofessoren og smiler lurt.

Misha Alperin f Kyrre Lien web nederst.jpg

Sist oppdatert: 18. oktober 2016

60 år

Musiker og professor Mikhail Alperin fyller 60 år 7. november. Jubileet vert feira med konsert i Kulturkirken Jakob i Oslo.

Misha_alperin_0045 - web.jpg
Mandag 7. november
kl. 19.30