Dextra Mikael Grolid

Verdifullt samarbeid

Norges musikkhøgskole og Dextra Musica har utvida samarbeidet. Med hjelp frå stiftinga får Musikkhøgskolens eiga samling stadig nye, kvalitetssterke instrument.

Dextra Musica, eit dotterselskap av Sparebankstiftelsen DNB, har investert i musikkinstrument og lånt dei ut til norske musikarar sidan 2006. Stiftinga har ei samling for profesjonelle utøvarar med historiske instrument, og ei moderne samling ved Norges musikkhøgskole og Barratt Due musikkinstitutt.

Den moderne samlinga veks stadig, og i verkstaden til fiolinmakar Magnus Nedregård fekk vi sjå to av dei siste, imponerande tilskota i samlinga, som studentane får tilgang til. Den totale samlinga til Dextra Musica er i dag på nærmare 80 instrument, med ei målsetting om å vekse til over 100.

Større moglegheiter for studentar

For fiolinstudent Lotte Hellstrøm Hestad ved Musikkhøgskolen bidreg dette samarbeidet til ei rikare studietid.

– Eg hadde eit instrument eg var ganske fornøgd med før òg, men når ein plutseleg får tilgang på eit så bra instrument, som ein ikkje ville hatt råd til med ein normal studentøkonomi, går ein fort opp eitt hakk med omsyn til kva ein kan få til som utøvar, og korleis ein kan utvikle seg, fortel ho.

Gåvepakke for Musikkhøgskolen

I tillegg til moglegheitene for utlån frå Dextra Musica si moderne samling, samarbeider stiftinga tett med ressurspersonar på Musikkhøgskolen om å bygge opp ei eiga samling der. Fiolinprofessor Peter Herresthal, som er blant dei som bidreg til å velje ut nye instrument, er strålande fornøgd med samarbeidet.

– Desse nye, moderne instrumenta vi ser her i dag er blant det beste som vert laga i dag. For oss som institusjon er dette ein gåvepakke. Dei fleste tradisjonsrike høgskular i Europa har eigne instrument og samlingar, men vi er framleis ein ung skule og har så langt ikkje sjølve investert i strykeinstrument, forklarar Herresthal.

For lærarane som bidreg til å velje ut instrument er studentane ei nyttig kjelde til inspirasjon.

– Vi har tatt utgangspunkt i kva studentane ynskjer seg når dei er ferdigutdanna. Så vi følger med på trendar, i tillegg til at vi kvalitetssikrar at det er gode investeringar. Det er sjølvsagt litt arbeid, men det har vore veldig vellukka, og særleg desse to, seier Herresthal og peikar på dei to instrumenta til studentane vi har med oss til Nedregårds verkstad.

alt

Professor Peter Herresthal og Dextra Musicas Eline Melgavis.

Nyleg henta frå Brüssel og New York

Den unge bratsjisten Mikael Grolid har fått tilgang til ein heilt ny, lekker bratsj som prosjektleiar i Dextra Musica, Eline Melgavis sjølv har henta i New York. Fiolinmakar Nedregård studerer instrumentet nøye, med stor entusiasme.

– Dette er ein Mariani-modell, eit moderne instrument laga for å sjå ut som ein eldre bratsj med røter i tradisjonen frå Brescia i Nord-Italia, forklarar han.

Herresthal forklarar vidare om kven som står bak den vakre bratsjen. Sjølv om den berre kosmetisk sett simulerer ein gamal stil, er der litt historie i materialet.

– Denne er bygd av Christophe Landon i New York, og treet er over 350 år gammalt, fortel han. I hendene på unge Grolid har den allereie levert sin eigen bratsjkonsert saman med Kringkastingsorkesteret og med Trondheimsolistene. – Med denne bratsjen låter det mykje betre, og større, når eg spelar, seier Grolid med eit stort smil.

Frå konsertmeisteren i Brüssel til NMH-student

Fiolinen Hestad nyttar har blitt henta frå Brüssel og er ein kopi av fiolinen til den kjende Leonidas Kavakos.

– Den er bygd i ein fransk tradisjon som den kjente makaren Vuillaume perfeksjonerte. Det er ikkje berre éin person som har laga den, men fleire saman under rettleiing frå Florian Leonhard – som har ein av Europas største workshops for nybygg og restaurering av strykeinstrument, fortel Herresthal. Før Hestad fekk den i hende er det ikkje kven som helst som har prøvd ut fiolinen.

– Kavakos, som er ein av dei aller fremste i verda i dag, har sjølv spelt på den, i tillegg til konsertmeisteren i Brüsselfilharmonien, forklarar Herresthal. Sjølv med det bakteppet er Hestads fiolin heller ikkje meir enn fire år gammal, frå 2012.

Viktig vedlikehald

Nedregård og verkstaden hans spelar ei nøkkelrolle i samarbeidet mellom Dextra Musica og Musikkhøgskolen. Strykeinstrument er delikate, levande objekt som krev tilsyn og kontinuerlig vedlikehald.

– Desse to instrumenta, som er henta frå lengre sør i Europa og New York, har til dømes ikkje opplevd ein ekte norsk vinter enno, fortel han. – I tillegg til det fungerer jo treverk slik at det vil endre seg litt over tid. Om eit instrument blir brukt mykje over tid utan vedlikehald vil det bli nedslite, medan ein med godt vedlikehald kan minimere denne slitasjen, forklarar Nedregård.

Melgavis frå Dextra Musica legg også vekt på nytteeffekten besøka hjå Nedregård har for kvar einskild musikar.

– Der er mykje å lære om ulike justeringar og oppsett for ulike musikarar, med omsyn til både spelestil og andre faktorar, meiner ho.

Blant dei beste i verda

Bratsjen og fiolinen som dei unge studentane Grolid og Hestad no får bruke er imponerande nok i seg sjølv, men om ein skal tru eksperten, altså fiolinmakar Nedregård, er dei innlemma i ei samling som er heilt i toppsjiktet globalt sett.

– Dette er ei av dei finaste instrumentsamlingane i verda, og spesielt kombinasjonen av dei historiske og dei moderne instrumenta som vi ser her bidreg til dette. Mykje pengar og prestisje ligg naturleg nok i dei historiske instrumenta, men med dei moderne, nybygde instrumenta oppå dette er det lite anna å samanlikne med på planeten, forklarar han med stor iver.

Med andre ord er der god grunn for Noregs fremste musikkutdanning til å vere strålande nøgd med utviklinga så langt, og framtidige studentar kan glede seg til å boltre seg med instrument som er på nivå med det dei aller fremste utøvarane i verda føretrekk.

Dextra Lotte Hellstrøm Hestad og Mikael Grolid

Fiolinstudent Lotte Hellstrøm Hestad, fiolinmakar Magnus Nedregård og bratsjstudent Mikael Grolid.

Sist oppdatert: 1. juli 2016