Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ein tredjedel av stipenda gjekk til NMH-studentar

Mathias Kråkenes i lys skjorte foran grønne grener.
Mathias Kråkenes studerer kyrkjemusikk på NMH.

Ein tredjedel av Sparebank1 Østlandet sine stipendvinnarar innan kunst og kultur er frå NMH.

Totalt tre millionar kroner er fordelt på 103 unge talent frå Oslo, Akershus og Innlandet. Det er niande gong Sparebank1 Østlandet deler ut talentstipend innan idrett og kunst/kultur.

Av dei 41 vinnarane på kulturfeltet var det i år 13 studentar og to alumnar frå NMH.

Ein av dei er Mathias Kråkenes. Han går tredje året på bachelor i kyrkjemusikk, og har teke imot stipend på 25 000 kr.

– Det betyr veldig mykje. Eg synst det er hyggjeleg at dei såg mine draumar som verdt å investera i, seier han.

– Eg tolkar det nærast som ei oppfordring til å gå for det eg ønsker å oppnå.

Den franske tradisjonen er til å få bakoversveis av.

Mathias Kråkenes, orgel

Planen er å bruke stipendet på å reise til Frankrike, for å ta timar og fordjupa seg i den fransk-romantiske orgelmusikken. Kråkenes ønsker å vandre i skaparane sine fotspor.

– Det er ved å vere til stades der ting har skjedd, og få spele på dei store meistrane sine orgel og tangentar, at ein verkeleg får det rette intrykket av musikken deira i katedralar. Ikkje inne på tørre øvingsrom. Eg har ein ekstra kjærleik til improvisasjon, og den franske tradisjonen er til å få bakoversveis av samanlikna med den norske, seier han.

Stipendmottakarane må vere busett eller ha vesentleg tilknyting til Oslo, Innlandet eller gamle Akershus fylke. Kulturstipendet kan gå til vidare utdanning, etablering etter endt høgare utdanning, eller instrument og anna utstyr. Ein må ha høgare, relevant utdanning for å søke.

Kråkenes fortel at dei som inspirerer han mest nett no er professorane på NMH.

– I tillegg til å lære vekk denne fantastiske kunsten speler dei konsertar, speler inn plater, og verkeleg lever gjennom musikken. I tillegg har eg Gud som førebilete, fordi det er derfor eg gjer alt dette, forklarar han.

På lengre sikt ønsker Kråkenes både å spele inn orgelmusikk, turnere rundt i verda, komponere, og visa folk kva for omfang og repertoar eit orgel kan spele. Han håpar å kunne sette spor. Men det viktigaste er likevel formidlinga.

– Det er ikkje så viktig kva for orgelmusikk eg spelar, så lenge eg føler det har ein betyding for meg. Det er det viktigaste; å kunne visa andre menneske kva eg føler når eg trakterer instrumentas dronning, seier han.

Artikler relevante