Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Medspelarpris frå CREMAH til Torhild Kielland

Fredag 14. september 2018 mottok Torhild Kielland Medspelarprisen frå CREMAH i høve senterets 10-årsjubileum.

Musikkterapi i rusfeltet

Prisen går til Torhild Kielland for hennar enorme betyding for utviklinga av musikkterapi i rus- og psykisk helsefeltet. Kielland tok kontakt med CREMAH frå starten av, i 2008. Via Kompetansenettverket for Rus, KoRus-Øst, i 2010, tok ho initiativ til oppstart av nasjonalt kompetansenettverk for musikkterapi i rusfeltet. Dette nettverket har hatt som mål å fremje musikkterapi som kunnskapsbasert og recovery-orientert praksis.

Hekta på musikk

Kielland har også initiert og følgt opp den første musikkterapipraksis på sjukehus/akutt avrusing ved Ahus med den gongens masterstudent Monika Overå. Overå blei i august, 2018, tilsett som ph.d.-student på Norges musikkhøgskole.

"Hekta på musikk" er tittelen på CREMAH-publikasjonen om brukarerfaringar frå praksisen i dette prosjektet. Fortellingane viser at deltakinga i musikkterapi kunne føre til avkobling fra vanskelege tankar og situasjonar. Samtidig kunne pasienten få meistringsopplevingar som påverka motivasjonen hans for å stå i behandlinga.

Boka "Hekta på musikk" er nemnd i Nasjonal retningsline for avrusning og vanedannende legemidlar.

Pilotprosjekt

Kielland har vore sentral for igangsettinga av fleire pilotprosjekt mellom KoRus-Oslo og KoRus-Øst saman med CREMAH og musikkterapiutdanninga på Musikkhøgskolen, bl.a ved Tyrili Kampen i 2012.

Frå 2014 blei prosjektet der drifta videre på tilskotssmidlar frå Helsedirektoratet, og blei sidan til ei 100 prosent prosjektstilling i 2015. Masterstudenten i dette pilotprosjektet heitte Daniel Løset Kristiansen. Han er i dag ein av tre musikkterapeutar med fulle stillingar innan rus- og psykisk helsefeltet i Fredrikstad kommune, som for øvrig nyleg oppretta Ressurssenter for musikkterapi i rus- og psykisk helsefeltet.

Kielland var også den som initierte og skreiv den første av snart fire store dokumentasjonsrapportar om musikkterapi, og ho har aktivt bidratt til å utvikle musikkterapi i rus- og psykisk helsfeltet både i Oslo og Bergen.

Kielland har vore avgjerande

Relevansen av musikkterapi for behandling av personar med rusproblem, avhengigheit og/eller psykiske lidingar er styrka. I dag har vi fleire Nasjonale faglege retningsliner som anbefalar musikkterapi for pasientar med rusproblematikk. Dette er retningsliner som omfattar blant anna behandling, rehabilitering, utredning.

Torhild Kiellands stemme har vore avgjerande i at alt dette har skjedd.

Evig takknemleg

Torhild Kielland har bakgrunn som sosionom og har sjølv lang erfaring arbeidet med rusarbeid – og har også gjort arbeid for Helsedirektoratet. I dag arbeider ho som rådgjevar for Fagrådet – Rusfeltets hovedorganisasjon.

Ikkje berre er ho brennande engasjert i musikkterapi: Kielland har eit stort nettverk rundt seg som ho brukar. Ho er strategisk. Vi kjenner henne også som særs initiativrik, handlekraftig, kreativ – alltid positiv! Ho er ein som ikkje lar seg knekke. Ho ser konstant etter moglegheiter. Og – ho følgjer alltid opp og går gjerne i bresjen og snakkar med folk.

Tusen takk frå alle musikkterapeutar over heile landet og alle brukarar av musikkterapi i rus- og psykisk helsefeltet for din fantastiske innsats for musikkterapien, Torhild Kielland – vi er deg evig takknemleg!