Hjelp med TimeEdit

I TimeEdit kan du søkje opp timeplanen din, finne eksamenstidpunkt og reservere rom.

I TimeEdit vel du enten:

  • "Åpen inngang" for å sjå timeplan, eksamen og romkapasitet

eller

  • "Pålogging for studenter" for å booke rom.

Sjå regler for rombooking

Timeplan

Under "Timeplan" kan du søkje på namnet ditt for å få opp din timeplan. Du kan også søkje på emnekode viss du lurer på når det er undervisning i eit bestemt emne. Du kan også søkje på eksamen.

Hugs å skrive inn kva tidsrom du ynskjer å få oversikt over.

Du kan eksportere din eigen timeplan i iCal-format til din mobiltelefon eller annan elektronisk kalender.

Sist oppdatert: 20. januar 2019