Ny internasjonal bok frå Karette Stensæth

Karette Stensæth er ute med ei fersk bok der ho presenterer ein ny kreativ teori om musikalsk responsivitet.

Ho tar for seg improvisasjon i musikkterapien slik han ofte tar form gjennom aktiv musikalsk-relasjonell interaksjon mellom klient og terapeut. Teorien er inspirert av Mikhail Bakhtins filosofi, som Stensæth har vore spesielt opptatt av over mange år.

Latter og risiko

Karette Stensæth forstår improvisasjon som open og uavslutta. – Han er ikkje berre fylt av meining og harmoni men også latter, risiko, forhandling, usikkerheit og misforståingar. Paradoksar må til for å skape nødvendig spenning og framdrift, men slike aspekt er lett å oversjå i vår iver etter å finne meining og harmoni, hevdar ho.

Samspelets eigenart

– Optimal musikalsk responsivitet fordrar at terapeuten praktiserer estetisk handlingskunst her-og-no, slik at det oppstår eit rom mellom henne og klienten som dei begge kjenner trong til å delta i. Det fordrar også at terapeuten har ei dialogisk og etisk innstilling til musiseringa og klienten. Ho kan til dømes tvile på seg sjølv (og kunnskapen sin) for å sleppe klienten til. Å vise så mykje empati med klienten at ho viskar ut seg sjølv, vil vere å gå for langt. Både terapeuten og klienten treng kvarandre for å bli tydelege for seg sjølv og for verda.

To stemmer

Fra Mikhail Bakhtin har ho henta utsegnet: «Ei enkel stemme er aldri nok. To stemmer er minimum for eksistens.»

– Dette kan speglast i mange former for improvisasjon, fortel Stensæth. – Musikalsk samhandling muleggjer utforskinga av slike eksistensielle aspekt. Det er essensielt for mange av oss, og av og til livsviktig for menneske som har få eller ingen ord.

Teori i praksis

I boka viser Karette Stensæth til korleis hennar filosofiske teori om musikalsk responsivitet kan sjå ut i praksis. Gjennom ei forteljing frå musikkterapien og med noteeksempel synleggjerast dette. Ho har óg tatt med personlege perspektiv.

Boka heiter «Responsiveness in Music Therapy Improvisation – A Perspective Inspired by Mikhail Bakhtin», og er publisert på det amerikanske forlaget Barcelona Publishers. Det er lettast å kjøpe henne på Europanbookstore.com.

Sist oppdatert: 20. september 2017