1. Søkjartal og opptak

NMH evaluerer jamleg søkjartal, søknadsprosedyrar og opptaksprøvar. 

NMH har som mål å tiltrekkje seg dei beste studentane og ha eit godt søkjartilfang innan alle instrument og studieprogram representert ved høgskulen. Opptak til dei fleste studiane skjer gjennom opptaksprøvar. Prøvane må vere relevante, og eigna til å velje ut dei som er best kvalifisert til eit studium ved NMH. 

Overordna søkjartal er ein del av årsrapporten til kvalitetssystemet medan tal på studieprogramnivå er ein del av studieprogramevalueringane (2.4). Kvart fjerde år gjennomførast ei større evaluering av studentopptak som inklulderer søkjartal, søkarane si evaluering av søknadsprosedyrane samt evalueringar av opptaksprøvane frå juryane og opptakskontoret. I evalueringa skal det takast stilling til om søkjartilfanget er tilfredsstillande. NMH si marknadsføring av studietilbodet evaluerast også. Om det visast svikt i søkartala vil det vurderast tiltak NMH kan gjere for å betre søkinga. Vurderinga av tiltak omfattar informasjonsverksemda NMH utfører for å nå søkjarar og breiare rekrutteringspolitiske tema. Dersom fleire enn normalt takkar nei til plass ved NMH gjennomførast ei kartleggingsundersøking for å finne årsakane til dette. 

Nøkkeltal søkjarar NMH 2019

Figur 1: Tal på søknadar 2009-2019. Tal henta frå DBH 21.11.2019.

 

Figur 2: Tal på primærsøkjarar og opptakstal frå 2010-2019. Søkjartala 2010-2017 er henta frå rapport om søkartal 2017. Tal for 2018 og 2019 er henta frå FS-rapport 101.001. Opptakstala er henta frå DBH 21.11.2019.

Figur 3: Kjønnsfordeling for søkjarar (ikkje primærsøkjarar) og opptakstal. Valemne, sommarkurs og utvekslingstudentar er ikkje inkludert.

 

Søkjartal (tidlegere år)

2018 Søkjartal

2017 Søkjartal

2016 Søkjartal

2015 Søkjartal

2014 Søkjartal

2013 Søkjartal

Søkjarundersøkinga

Søkjarundersøkinga 2016

Søkjarundersøkinga 2013

Evalueringar av opptaksprøvane

2018 Evaluering av opptaksprøvane

2017 Evaluering av opptaksprøvane

2016 Evaluering av opptaksprøvane

2015 Evaluering av opptaksprøvane

2014 Evaluering av opptaksprøvane

2013 Evaluering av opptaksprøvane

Takka nei-undersøkinga

Sist oppdatert: 22. september 2018