amore torna-web.jpg

Amore Torna: Ricordare

Amore Torna speler barokkmusikk kombinert med nytt og rytmisk krydra spansk og søramerikansk repertoar. 

  • Lørdag 30. september 2017
  • 19.00
  • Levinsalen
  • Gratis

Medvirkende

Barokkensemblet Amore Torna

Omtale

Det unge barokkensemblet har utforska hovudsakeleg barokkmusikk av italiensk, tysk, fransk og engelsk opphav i eit tidsspenn over nesten 150 år. Denne gongen vil ensemblet kombinere det beste av det som har blitt spelt sidan stiftinga for nesten 3 år sidan med nytt (og rytmisk krydra) spansk og søramerikansk repertoar.  

Amore Torna betyr at kjærleiken kjem tilbake. Ricordare (å hugse) betyr å gjenta ein veg gjennom hjartet, med andre ord å lære noko utanåt (to learn by heart).

Med å kalle konserten sin Ricordare vil Amore Torna ønske alle velkomen til ein ny konsert full av god stemning, overraskingar og tilbakekomen kjærleik.