Pauline Hall dirigerer ca 1953
Pauline Hall gir instruksjonar under ISCMs verdsmusikkfest i Oslo i 1953.

Disputas Astrid Kvalbein

Ph.D.-programmet - disputas

Tema er Musikalsk modernisering: Pauline Hall (1890-1969) som komponist, teatermenneske og Ny Musikk-leiar

  • Tirsdag 23. april 2013
  • 10.00
  • 01024 Auditorium

Omtale

alt

Pauline Hall (1890-1969) var ein markant person i musikklivet i Noreg, og på mange vis ein pådrivar for å modernisere det.

I sitt doktorgradsprosjekt har Astrid Kvalbein utforska hovudpersonens verksemd gjennom dei to første tredjedelane av 1900-talet med ulike forståingar av modernitet og modernisme som omdreiingspunkt.

Framstillinga er strukturert rundt tre viktige roller Hall hadde i musikk- og kulturlivet:

  • ho skilte seg tidleg ut som ein fransk-inspirert komponist
  • ho falda seg ut som teatermenneske ved både å skrive scenemusikk og å regissere
  • ho var grunnleggjar og mangeårig leiar av organisasjonen Ny Musikk

I tillegg utmerkte ho seg gjennom fleire tiår som skribent og debattant, særleg som kritikar i Dagbladet.

Astrid Kvalbein

Kvalbein nærmar seg Hall frå tre forskarposisjonar:

  • ein biografisk
  • ein utøvande
  • ein kultursosiologisk og diskursorientert

Den mangesidige musikkpersonen kjem slik fram gjennom skildringar av livet til Hall, levande tolkingar av songane hennar (lagt ved på CD) og tematiske drøftingar knytt til dei overordna spørsmåla om modernitet. Til saman kastar arbeidet nytt lys både over Hall, impulsane ho formidla frå eit større Europa til Noreg og tidene ho levde i.

I kommisjonen

Michael Fjeldsøe, Universitetet i København

Eva Nässen, Musikhögskolan i Göteborg

Arvid Vollsnes, Universitetet i Oslo

Prøveførelesing: måndag 22. april kl 15 i auditoriet.