Benjamin Britten: The Turn of the Screw

Brittens opera The Turn of the Screw er bygd på ei spøkelsesforteljing som har fascinert kritikarar heilt sidan forfattaren Henry James skreiv ho i 1898.

Omtale

Vi møter ei guvernante som har fått i oppdrag å passe på to barn i eit stort herskapshus på landet. Men ho får aldri ta kontakt med faren til barna, for han er ikkje interessert i å bruke tid på dei. Det går ikkje lang tid før det byrjar å skje underlege ting; to mystiske skikkelsar viser seg for barna og guvernanta, og dei har ikkje godt i sinne.

Fergus McAlpine leier framsyninga. Han har bakgrunn som fagottist med studiar på Barratt Due musikkinstitutt. Men dirigentrolla freista meir, og han starta direksjonsstudiane sine på Musikkhøgskolen i 2014.