Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Boklansering: Jubileumsboka

Kollasj av Alfred Fidjestøl og Ida Habbestad, inni jubileumsramme med logo.

Lansering av jubileumsboka «Noregs musikkhøgskole: Femti år med notar, unotar og fotnotar» av Alfred Fidjestøl, ved NMHs historieprosjekt.

Agnete Brun, Renate Madsen

Offisiell lansering av jubileumsboka «Noregs musikkhøgskole: Femti år med notar, unotar og fotnotar.» Boka er skrive av Alfred Fidjestøl på bestilling frå Musikkhøgskolens historieprosjekt og blir gitt ut på Samlaget. Fidjestøls bok gir ei kronologisk framstilling av historia til NMH sett ovanfrå og utanfrå, med vekt på korleis høgskolen gradvis har vekse til å bli det han er i dag. Lanseringa blir leia av Ida Habbestad, som vil samtale med forfattaren om boka. Forlagssjef Håkon Kolmannskog seier nokre ord på vegner av forlaget, og prosjektleiar Bjørnar Utne-Reitan relaterer boka til historieprosjektets andre publikasjonar.

Medvirkende

  • Alfred Fidjestøl, Ida Habbestad, Håkon Kolmannskog og Bjørnar Utne-Reitan

Omtale

Alfred Fidjestøl (f. 1973) har gitt ut ei rekkje biografiar og historieverk. Han blei nominert til Brageprisen i 2013, 2020 og 2022, til Kritikarprisen i 2015 og 2017, og han er den første sakprosaforfattaren nokosinne til å motta Gyldendals Sult-pris. I 2017 fekk han Språkrådets språkpris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Fidjestøl fekk Samlagsprisen 2022 for forfattarskapen sin.

Ida Habbestad har lang erfaring som kritikar og skribent innan musikk- og kulturfeltet. Ho har vore redaktør for Ballade (2013–2018), styreleiar i Norsk kritikarlag (2013–2019) og er no dagleg leiar for Norsk Komponistforeining (2019–). Sidan 2019 har ho også leia Kulturrådets fagutval for tidsskrift og kritikk. Habbestad er utdanna utøvar frå Noregs musikkhøgskole (2002) og har ein mastergrad i anvendt musikkteori frå same institusjon (2010).

Det blå omslaget til jublieumsboka av Alfred Fidjestøl.

Noregs musikkhøgskole 50 år

Studieåret 2023–2024 feirar Noregs musikkhøgskole 50-årsdag. Det markerer vi med seminar, levande musikk og formidling av vår eiga historie. Velkommen til ein heil dag med feiring 3. september, og fleire jubileumsarrangement heile skoleåret.

Sjå heile festivalprogrammet

Publisert: 22. jun. 2023 — Oppdatert: 15. jan. 2024