Butterflies & Hurricanes

Fiolinist Larissa Terescenko speler konsert med samansett orkester.

Omtale

Musikken tar oss med på ei reise gjennom fjerne stadar – USA med Samuel Barbers konsertar og til Japan med Aleksander Sedlars stykke om tsunamien som trefte Tohoku-regionen i 2011. Den norske urpremieren minner om kraftig og pompøs filmmusikk som skal gi publikum ei episk kjensle. Kampen mellom sommarfuglane i magen når vi blir forelska og den daglege tyngda livet legg på mennesket. Ensembla vil variere mellom orkester, kvintett med cembalo og piano, og solopiano. Tematikken om sommarfuglar og orkanar kjem originalt frå rockebandet Muse og songen Butterflies & Hurricanes som inneheld motiverande tekstar som:

«...you’ve got to change to world
and use this chance
to be heard
Your time is now...»

Teksten motiverte solisten til å gjere noko stort og annleis i samband med konserten. Til slutt vil kveldens orkester og ein gjestevokalist bidra med meir musikk.

Foto: Miljana Tomic