carl-nielsen-museet02.jpg

Carl Nilsen dirigerer Carl Nielsen

Diplomkonsert - eksamen

Masterstudent Carl Nilsen dirigerer mellom anna Carl Nielsen sin Helios Ouverture når han samarbeider med Kringkastingsorkesteret om sin masterkonsert. Dette er også diplomeksamen for cellist Joonho Shim.

  • Torsdag 12. mai 2016
  • 19.30
  • NRK, Store studio
  • 200/150/50 (voksen/honnør/student)
Bestill billett

Medvirkende

Kringkastingsorkestret
Carl Anders Nilsen (dirigent)
Joonho Shim (cello)
 

Program

Carl Nielsen: Helios ouverture, op 17
Dmitrij Sjostakovitsj: Konsert for cello og orkester
Jean Sibelius: Symfoni nr 1

Omtale

altDyktige kandidatar i dirigeringsfaget kan vere så heldige å få dirigere Kringkastingsorkesteret (KORK) på eksamen. Nilsen har bakgrunn som klarinettist og er også komponist og arrangør. Han har fleire urframføringar bak seg.

Komponisten Carl Nielsen skreiv Helios Ouverture under eit opphald i Athen. Musikken skildrar solas gong over Egeerhavet frå morgon til kveld.

Sibelius sin første symfoni frå 1899 er meir heimleg i sine utanommusikalske inspirasjonar. Den vart skriven i ei turbulent tid i Finland, der den russiske overmakta innførte restriksjonar i rørsle- og ytringsfridom. Sibelius musikk gav motstandskraft til det finske folket.

Til Sjostakovitsj sin cellokonsert har dirigenten Carl Nilsen fått med seg cellist Joonho Shim. Joonho er student på diplomstudiet ved Norges musikkhøgskole med Truls Mørk som lærar. Han har allereie spelt med orkester over heile verda. Dette er eksamenskonserten hans.