hender-cello.jpg

Celloens stemme

Masterkonsert

Malin Mertens framfører ein heil Bach-suite, med fokus på instrumentets klang.

  • Søndag 24. februar kl. 19.00
  • 19.00
  • Levinsalen
  • Gratis

Medvirkende

Malin Mertens (cello)

Program

Howard Skempton (1947-): Six Figures for Solo Cello

Arne Nordheim (1931 - 2010): Clamavi  

Johann Sebastian Bach (1685–1750): Suite nr. 5 i c-moll
1. Prelude
2. Allemande
3. Courante
4. Sarabande
5. Gavotte 1 og 2
6. Gigue

Omtale

Malin Mertens har valt repertoar for cello med tema «Celloens stemme» med ønske om å utforske dei klanglege moglegheitene celloen har, og sjå på tydinga av å etterligne det breie registeret den menneskelege stemmen har (frå sopran til bass). Som fellesnemner for verka har ho fokus på omgrepet «dialog» (stemmeføring, kontrapunkt, kontraster, dualitet). Kva tyding har det for korleis musikken kommuniserar, både i sjølve verket og i møte med publikum? Repertoaret som er valt skal òg gi eit innblikk i celloens rolle i musikkhistorisk perspektiv, og som formidlar av komponistens musikalske fotavtrykk.