Debussys klangbilde – Greske statuar dansar Wagner-ragtime

Masterkonsert

  • Mandag 11. september 2017
  • 19.00
  • Levinsalen
  • Gratis

Medvirkende

Sivert Blindheim (klaver) 

Omtale

Claude Debussy (1862-1918) er blant dei viktigaste og mest innverknadsrike komponistar i verda. Klavermusikken hans var i samtida utsett for mye urettferdig kritikk, men blir i dag hylla for den nyskapande harmonikken og formen. Den første av dei to bøkene hans med preludier (1910) er ein av hjørnesteinane i fransk klaverlitteratur. Inspirasjonskjeldene er mange og varierte, frå vinetikettar, litteratur, til meir eller mindre trivielle og sublime kvardagshendingar. Konsertens andre verk er suiten Children’s Corner frå 1908. Dette er musikk om barndom for vaksne. Debussy dedikerte verket til si då tre år gamle dotter Claude-Emma som han elska høgt. Engelske verktitlar er uvanlege i fransk klavermusikk, men komponistens anglofili og dotteras engelske guvernante speler nok ei stor rolle i dette uvanlege språkvalet.