njal.olnes.jpg
Njål Ølnes. Foto: Kimm Saatvedt

Disputas med Njål Ølnes

Njål Ølnes skal forsvare i offentleg disputas si avhandling om musikalsk kommunikasjon i eit improviserande jazzband.

  • Torsdag 17. mars 2016
  • 12.00
  • Levinsalen, Norges musikkhøgskole

Omtale

Ølnes er jazzmusikar og har spurt seg om korleis jazzmusikarar bruker øyrene, og om kva det er dei høyrer og plukkar opp når dei veit at sidemann akkurat no kjem til å sette melodien.

Avhandlinga heiter Frå små teikn til store former. Analysar av det improviserte samspelet med hjelp av auditiv sonologi. Den er skrive innanfor hovudområdet oppføringspraksis.

Les meir om prosjektet og forskinga til Njål

Interaktiv pdf og ebok

Avhandlinga ligg føre som ein interaktiv pdf på ca. 400 MB og inneheld tekst, lydfilar og avspelbare audiovisuelle figurar. Dette er første gong ei avhandling ved Norges musikkhøgskole vert levert i dette formatet, og avhandlinga kan hentast opp frå NMH sitt opne arkiv Brage før disputasen. Last ned på PC eller mac og ta med datamaskinen på disputasen, men hugs at ein må bruke Adobe Acrobat Reader for å få tilgang til alt materiale i fila. Programmet kan hentast gratis her

Det vil ikkje komme ein trykt versjon. I staden ligg det nå føre to ebok-versjonar. Den eine, ein lettare ebok-versjon av avhandlinga, har ikkje lyd- og videofiler men kan lesast på Android nettbrett i til dømes appen Play Bøker. Den andre, på 174 MB, har lyd og videofilane intakt, og passar godt til ipad med appen iBooks.

Bedømmingskomite

  • Professor Per Anders Nilsson, Göteborgs universitet (1. opponent)
  • Professor Hans Weisethaunet, Universitetet i Oslo (2. opponent)
  • Førsteamanuensis Gjertrud Pedersen, Norges musikkhøgskole

Avhandling og disputas er på norsk, og rektor Peter Tornquist vil leie disputasen.

Kl. 10.15, same dag og same stad, held Ølnes ein prøveforelesing over eit oppgitt emne, sjå eige arrangement.