Strikkhopping

Disputas om å øve på improvisasjon

Ph.D.-programmet - disputas

Kva øver improviserande musikarar på? Kan ein øve på å frigjere seg frå det ein har øvd på? Korleis gjer ein i så fall det? Dette er spørsmål Guro Gravem Johansen har stilt seg i si avhandling om øving på improvisasjon. 

  • Fredag 1. november 2013
  • 10.00
  • Auditoriet

Medvirkende

  • Guro Gravem Johansen, universitetslektor ved Norges musikkhøgskole, fagseksjon for musikkpedagogikk og musikkterapi
  • Göran Folkestad, professor ved Musikhögskolan i Malmö, Lunds universitet (opponent)
  • Eva Georgii-Hemming, professor ved Musikhögskolan i Örebro (opponent)
  • Monika Nerland, professor ved Utdanningsvitenskapelig fakultet, Universitetet i Oslo (komitéleder)

Program

Gravem Johansen forsvarer i offentlig disputas si Ph.D.-avhandling Å øve på improvisasjon. Ein kvalitativ studie av øvepraksisar hos jazzstudentar, med fokus på utvikling av improvisasjonskompetanse.

Omtale

Musikalsk improvisasjon inneber ofte å spele noko anna enn det ein har øvd på, for å kunne skape spontant i ein interaktiv og uføreseieleg musikalsk situasjon. Då er det nærliggande å spørre: kva øver improviserande musikarar på? Kan ein øve på å frigjere seg frå det ein har øvd på? Korleis gjer ein i så fall det?

Den empiriske undersøkinga

Gravem Johansen undersøker dette ved å ta perspektivet til jazzstudentar i høgre musikkutdanning som arbeider med å utvikle improvisasjonskompetansen sin. Det empiriske materialet bygger dels på analyser av kvalitative intervju med 13 studentar i høgre jazzutdanning ved ulike institusjonar i Noreg og Sverige, dels på ein kasusstudie med tre av studentane.

Teori

Avhandlinga nyttar sosiokulturell læringsteori (kulturhistorisk aktivitetsteori) for å belyse øving på improvisasjon, og ho beskriv øvinga ved å sjå på samanhengane mellom musikkulturelle verdisystem, læringsmål, øvegjenstandar og handlingsmåtar hos studentane. Avhandlinga tar òg i bruk konseptet ekspansiv læring for å analysere læring der læringsutbyttet ikkje er gjeve på førehand.

Funn

Funna viser at det å utvikle ei personleg musikalsk stemme er overordna for øvinga til jazzstudentar. Dette motivet gjenspeglar seg indirekte i studentane si øving ved at dei vektlegg autonomi ovanfor institusjonen og lærarane.

Dei er òg oppteke av eigarskap og individuell eksperimentering når det gjeld utval og nyttegjering av musikalske gjenstandar. Slike gjenstandar spenner frå tekniske aspekt (handtverk) til prosessuelle aspekt ved improvisasjon, der studentane øver på å utforske musikalsk materiale, å styrke sin assosiative idéstrøm, og å kunne sleppe kontrollen når dei speler.  

Mange er oppteke av å lære gjennom å høyre på innspelingar frå ulike jazztradisjonar. Men dei er selektive i valg av repertoar eller utøvarar dei lyttar på, og i måten dei forheld seg til musikken. Mange studentar lyttar etter musikalske idéar og for å avkode konsept snarare enn å kopiere detaljert. Dei iverksett dermed si eiga skaping med materialet umiddelbart.

Samspelspraksisar gir den individuelle øvinga større meining. Speling i band er dessutan ein sentral læringsarena i seg sjølv, der det å kunne utvikle musikalske idéar i spontant fellesskap, å takle det uføreseielege og det å gi og få musikalsk respons er moglegheiter for læring den individuelle øvinga ikkje tilbyr.

Studentane eksperimenterer ofte med konvensjonane for instrumentroller i band, og denne eksperimenteringa rommar dermed eit skapande og ekspansivt potensiale i samspel med andre. Funna underbygger korleis sosiale aspekt som tryggleik og gjensidig tillit påverkar det musikalske utfallet, og avgjer om samspel opplevast lærerikt eller ikkje.

Vitskaplege bidrag

Guro Gravem Johansen sin studie er eit bidrag til å få innblikk i perspektivet til studentar i jazzutdanning, og han viser kor variert og mangfaldig øvepraksisane hos denne gruppa er. Gravem Johansen lanserer omgrepet utforskande øving for å fange opp eksperimenterande og improviserande aspekt ved øving som supplement til det meir etablerte omgrepet målretta øving. Omgrepet er eit bidrag til øveforskingsfeltet, som fram til no i liten grad har undersøkt øving innanfor jazz og improvisasjonsbaserte musikkformer.  

Prøveforelesing

Torsdag 31. oktober kl 16.00 held Guro Gravem Johansen prøveforelesing.

imported-image

Guro Gravem Johansen

Førsteamanuensis

Didaktikk, Jazz-gehørtrening