Eksamenskonsert Vinjar Ch. Hambro, tuba

Masterkonsert - eksamen

Eit eksamensprogram med nordisk musikk for tuba.

  • Fredag 13. juni 2014
  • 18.00
  • Levinsalen
  • Gratis

Medvirkende

Erlend Ruud, Camilla Simensen, Nikolai Heuer, Håvard Vaage, Sivert Fjeldstad Madsen og Kristoffer Almås.

Program

Morten Gaathaug - Sonata Concertante

Morten Gaathaug (f. 1955) er fra Sande i Vestfold. Han er utdanna ved Barratt Dues musikkinstitutt og har til no skreve over 90 verker i ein rekke sjangre. Sjølv beskriv han seg som ein reindyrka romantiker og tilstreber ein klar og enkel melodikk. Verket Sonata Concertante er skreve for tuba og messingkvintettt og er skreve for tubaisten Øystein Baadsvik

Olav Anton Thommessen - MiniaTEKStur
I Drums
II Wood
III Bells

Olav Anton Thommessen (f. 1946) er blant dei mest kjende norske samtidskomponistane. Han har bachelor i komposisjon frå Westminster Choir College og Indiana University i USA, og blei i 1973 lektor ved NMH og seinare professor. Har har motteke ein rekke prisar for sine komposisjonar. Verket MiniaTEKStur blei skreve for tuba og slagverk i 1985 og er seinare framført av ei rekke tubaister på NMH, men er dessverre lite kjend utanfor NMH.

James Meador - Six-pack
I Blowing off steam
II Discotheque
III Melancholy
IV Angry
V Inebriated
VI Invincible

James Meador er basstrombonist og komponist, og har skreve det nyaste innslaget på programmet. Verket blei bestilt av tubaisten Tim Buzzbee som jobber i Island symfoniorkester, og blei bestilt fordi han ville ha eit teatralsk stykke der han kunne drikke ei øl mellom kvar sats, og verket er blitt ei slags reise gjennom dei forskjellege på ein fuktig kveld. Øldrikkingen har under innstuderingen av stykket vist seg svært krevjande, så stykket har blitt transkribert frå solo tuba til solotuba med venner, der det øldrikkande aspektet ved verket er outsourca.

Dette er den andre av mine to masterkonsertar som utgjer mitt masterarbeid. Eg har valgt å fordjupe meg i nordisk musikk for tuba, så dei mest oppvakte vil kanskje tenke at det ikkje passer seg å avslutte dei to konsertane med eit stykke av ein amerikask komponist. Men: stykket blei til på Island, og er i tematikk kanskje det mest nordiske av dei alle.