Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Extended Composition – kva kan vere musikk? (utseld)

-

Seminar om den nye kunstmusikken sine utvidingar av materiale for komposisjon og framføring.

Christian Blom

Den nye musikken inkorporer stadig nytt materiale som ikkje er lyd eller musikalske instrument. Rørsle, video, tekst, rom, lys, objekt og lekkasjar frå det verkelege liv inngår i aukande grad i moderne komposisjon og utøving av samtidsmusikken. Dette seminaret ønsker å reflektere rundt spørsmål som knyttar seg til kva for nokre nye strategiar for komposisjon og utøving som må utviklast. Korleis meistre den rikdomen av moglegheitar og utfordringar som oppstår i møtet med musikken sine ekspanderande material?

Kva for nokre nye betydningar oppstår frå laga i slike utvida komposisjonar, av lyd, språk, lys, rørsle, språk, objekt og bilete. Endrar dette «nye» materialet kva musikk kan vere og kva musikken kan bety? Kan ein i det heile tatt snakke om musikk og musikalsk komposisjon når ein arbeider like mykje med lys, tekst, bilete og rørsle som lyd? Korleis greier vi å ta inn slike verk og korleis evaluerer vi dei?

Seminaret spring ut av det kunstnarlege forskingsprosjektet Extended Composition ved Norges musikkhøgskole, leia av komponist og professor Henrik Hellstenius. Prosjektet har vart sidan 2018, og seminaret står i samanheng med prosjektet sine konsertar på Ultimafestivalen, 22. september på Sentralen.

Program

  • 11.00–12.00: Forelesingar ved Paul Creanen.
  • 12.00–12.30: Videosamtale med Jennifer Walshe og Matthew Shlomowitz.
  • 12.45–14.00: Presentasjon av prosjektet «Extended Composition» ved Tanja Orning, Camilla Eeg-Tverrbakk, Christian Blom, Ellen Ugelvik og Henrik Hellstenius.
  • 14.00–16.00: Panelsamtale under leiing av Tora Ferner Lange, med Shila Anaraki, Annesley Black, Andreas Borreagaard, Tanja Orning, Christian Blom og Henrik Hellstenius.