Fløyte
Foto: Zoltán Vörös

Fløyta i det 20. hundreåret

Masterkonsert

Konsert 1 av 2: Stockhausen og Jolivet

  • Fredag 8. februar kl. 19.00
  • 19.00
  • Levinsalen
  • Gratis

Medvirkende

Frida Lereng (fløyte)

Omtale

I den første av to konsertar, retter vi søkelyset mot to bautaer innan fløytemusikken. Der André Jolivet (1905–1974) med rette har tatt ein plass i fløytisten sitt standardrepertoar, står Karlheinz Stockhausen (1928–2007) enno ute i kulden. Det er på tide at det nokså omfattande fløyterepertoaret hans blir lyfta fram i lyset. Musikken er intrikat og fascinerande, og bringer ein ny inn dimensjon inn i instrumentalmusikken: det teatralske. Instrumentalisten får no nærast operasongerens rolle, og utfordringane står i kø for den som er vane med å kunne skjule seg bak notestativet. Konserten sluttar med Jolivets fantastiske fløytesonate.