Bilde Ljøsblått - Kopi.jpg

Ljøsblått – ein julefestival

Varierte konsertar, godt dansespel og generasjonsfest er stikkorda når folkemusikkstudentane på Norges musikkhøgskole arrangerer festivalen Ljøsblått. Det startar torsdag 3. desmeber kl. 17 med dansekurs. Bli med!

  • Torsdag 3. desember 2015
  • 17.00
  • Norges musikkhøgskole
  • Gratis

Program

Torsdag 3. desember

Bevegelsesrommet (025)

Kl 17.00-19.00 Dans med meg!
Kursholdere: Sivert Holmen, Helga Myhr og Sigrid Stubsveen
– Vi møtes i foajeen kl 16.55

"Under prismene" i 3. etasje (utenfor administrasjonen)

Kl 19.30 Intimkonsert med Malin Alander

Kl 20.00 Intimkonsert med Vatna

Fredag 4. desember

Fellesrommet (139)

Kl. 18.00-20.30: Fire små intimkonserter
med: Baskerland, Huset Bortenfor, Rakel/Synnøve/Johanne og Myhr/Bolstad/Kjorstad

Kl. 21.00-22-00: Quiz
for middels smarte mennesker og andre musikknerder

Kl. 22.00-22.45: Jam

Servering av drikke

Lørdag 5. desember

Levinsalen

Kl. 17.30: Lærere fra Norges musikkhøgskole gir konsert

Kl. 19.00: LJØSBLÅTT
– konsert med folkemusikkstudentene fra Musikkhøgskolen, elever fra talentutviklingsprogrammet er også med

Kl. 20.30: Dans
(selvfølgelig har vi drikke og pølser)

Omtale

Folkemusikkstudentane i Oslo har gjort det til ein tradisjon å arrangere førjulsfestival. Festivalen har i alle år drege mange tilhøyrarar og danseglade til Musikkhøgskolen på Majorstua.

– Det som preger folkemusikkmiljøet generelt, er mangelen på generasjonskløft. Her er gammal og ung saman, og dette vil me ta med inn på Musikkhøgskolen på festivalen, seier Steinar Ofsdal, folkemusikkprofessor på Musikkhøgskolen.

Ljøsblått blir arrangert frå torsdag 3. til laurdag 5. desember. I tillegg til å invitere dei som held seg utanfor skolens veggar til vanleg, er eit av måla med Ljøsblått å fenge dei andre studentane. Og Ofsdal trur det er gode odds for at akkurat det skal skje.

– Me som driv med folkemusikk her på huset, merkar at det er mange som er nysgjerrige på oss, seier han.

Ljøsblått startar med eit dansekurs om torsdagsettermiddagen. Dette er spesielt retta mot dei andre studentane på skolen. Etter dansekurset blir det intimkonsertar. Intimkonsertar blir det òg om fredagskvelden, men då etterfølgt av quiz.

Laurdagen blir den mest innhaldsrike dagen. Då kjem folkemusikkstudentar frå andre utdanningar for å halde ein konsert på ettermiddagen. På kvelden skal studentane frå Musikkhøgskolen spele konsert, før det blir dans utover natta. Studentane i Oslo representerer mange landsdelar og tradisjonsområde, og dette vil prege dansespelet.

Fram mot festivalen blir det med jamne mellomrom sleppt artistar på Facebook-hendinga Ljøsblått.