Gitarfestival Nordic f Kristina Vårlid og Tormund Blikra Vea.JPG
Foto: Kristina Vårlid og Tormund Blikra Vea

Guitar Nordic Festival 2019

Velkommen til årets gitarfestival, med konsertar, meisterklasser og konkurranse, over fire dagar.

  • Torsdag 28. mars kl. 19.00–søndag 31. mars kl. 17.00
  • 19.00
  • Norges musikkhøgskole
  • Gratis

Program

Torsdag 28. mars kl. 19.00, Levinsalen:
Finnish Maestro
Den prisvinnande gitaristen og NMHs nye gitarprofessor Otto Tolonen, trivst med å utforske ukjende verk for gitar.

Laurdag 30. mars kl. 17.30, Lindemansalen:
Kammermusikkonsert
Klassisk gitar i samspel med andre instrument. På programmet står mellom anna musikk av Piazzolla og Mertz, og Antonio Vivaldis dobbeltkonsert for to gitarar og orkester.

Søndag 31. mars kl. 11.00–13.00, Levinsalen:
Nordisk konkurranse for unge gitaristar
Alle er velkomne til å høyre og støtte unge gitarister spele i «Guitar Nordic Youth Competition».

Søndag 31. mars kl. 15.00, Levinsalen:
Studentkonsert
Konsert med deltakarane på Guitar Nordic Festival og annonsering av resultata frå gitarkonkurransen.

Omtale

Konsertar med gitaristar av høgaste klasse, meisterklasser og ein konkurranse for unge gitaristar. Festivalen skal få den klassiske gitaren ut til folket og inspirere unge gitartalent ved å skape eit godt gitarmiljø. Festivalen er starta og blir driven av noverande og tidligare studentar ved NMH. Diplomstudent Kristina Vårlid er kunstnarleg leiar.

For informasjon om påmelding og deltakaravgift, se guitarnordic.com. Konsertane er gratis for publikum.

Profilbilde gitarhals
Gitar

Solorepertoar og samspill på klassisk gitar.