Jen Bjørn Erik og Elisabeth (2).jpg
Jennifer Torrence, Bjørn Erik Haugen og Elisabeth Holmertz. Foto: Privat

Haldeplass

Stipendiatprogrammet - konsert

Haldeplass er ein kunsthappening som går føre seg på tre hemmelege stader i Oslo.

  • Torsdag 21. september kl. 17.45 – 23.59
  • 17.45
  • Oppmøte Musikkhøgskolen
  • 150,- inkludert mat og transport. Det gjeld óg tilsette og studentar ved NMH. Kjøp billetter på forhånd.
  • Begrenset plass
Kjøp billett

Program

Stoppestader:

«Orfevs» – Elisabeth Holmertz

«Etudes to become Deer» – Jennifer Torrence og Neo Hülcker

«Das Kapitalistische Ausland» – Bjørn Erik Haugen

Omtale

Halde|plass m1 (av halde); stoppestad for rutegåande og anna kommersiell persontransport, til dømes jernbane, buss, drosje, trikk eller liknande. Haldeplassar er gjerne ikkje betent, men kan vere utstyrte med eit venterom, leskur eller liknande.

Kva får du med deg på stoppestadene?

Orfevs trur at sangen og kjærleiken hans kan overvinne alt. Han trur at han kan vinne over Dauden.
Med Andreas Stensland Løwe (synth/elektronikk) leitar Elisabeth Holmertz etter stemmer og lyd til Orfevs, til Evridike, til Kjærleiken og til Evigheita.

Etudes to Become Deer (2017) er ei multimediaframføring som følger omdanninga av to menneskelege musikarar til hjort. Det er skapt og blir framført av Neo Hülcker og Jennifer Torrence. Neo Hülcker er ein komponistutøvar som arbeider med musikk som antropologisk forsking i kvardagsmiljø. Komposisjonane utviklar seg som situasjonar, performance-installasjonar, handlingar og intervensjonar, og hen arbeider i ulike typer offentlege rom.

Das Kapitalistische Ausland: I det tidlegare Aust-Tyskland (DDR) var 10 % av innbyggarane informantar for etterretningstenesta og det politiske politiet Stasi. Mange arbeidde i Stasi-politiet, og mange var under overvåkning. Resultatet blei ein kollektiv og total paranoia hos både dei som satt på makta og for dei fleste innbyggarane i DDR.

Overvåkinga resulterte i eit enormt Stasiarkiv, med ei gigantisk mengd dokument og rapportar om liva til folk i DDR under den kalde krigen, sett gjennom det ideologiske filteret til Stasi. Materialet til Das Kapitalistische Ausland er henta frå dette arkivet, og i Haugens stykke er det tre songarar som framfører tekstar frå dokument i Stasiarkivet.

Om utøvarane

Holmertz, Torrence og Haugen: Elisabeth Holmertz, Jennifer Torrence og Bjørn Erik Haugen er alle kunststipendiatar ved Norges musikkhøgskole.

Du kan lese meir om dei og deira prosjekt på nmh.no/forskning/prosjekter.

Haldeplass er støtta av Program for kunstnerisk utviklingsarbeid, Norges musikkhøgskole, Fritt Ord og Kulturrådet.

Om billettar på Musikkhøgskolen

Du kan kjøpe billettar på førehand via nmh.ticketco.no. Du kan du óg kjøpe billettar i døra med kort eller Vipps. Musikkhøgskolen tar ikkje kontantar.
Les meir om billettsal ved Musikkhøgskolen.