Barokk

HOIP i dag

Barokk, klassisk og romantisk musikk, framført av andreårsstudentar og lærare.

  • Fredag 15. februar kl. 19.00
  • 19.00
  • Lindemansalen
  • Gratis

Program

Musikk av Jean-Baptiste Lully (1632–87), Michael Praetorius (1571–1621), Georg Friedrich Händel (1685–1759), Franz Schubert (1797–1828) og Felix Mendelssohn (1809–1847)

Omtale

Gammalt på nytt? Kva skjer når 2.-årsstudentane blir utsette for ein dose barokk, klassisk og romantisk oppføringspraksis? Hausten 2018 fikk dei høyre forelesingar av Dorian Bandy (Glasgow) og våre eigne lærarar ved NMH: Mona Julsrud, Christina Kobb, Knut Johannessen, Steinar Granmo Nielsen, Are Sandbakken, Morten Carlsen, Erlend Hovland og Hans Olav Gorset.

No blir teori til praksis. Kjend og ukjend musikk blir framført i lys av ny kunnskap om gamal praksis. Vi får høyre tysk dansemusikk frå 1600-tallet av Praetorius, fransk barokkmusikk av Lully og Philidor, konsertar for strykarar av Händel og romantiske songar av Schubert og Mendelssohn.