Jazz frå skogom

Masterkonsert

Jazz frå skogom er ein kvartett med erfarne musikarar frå fire generasjonar. Kontrabassisten, Trygve Waldemar Fiske, tar master på Musikkhøgskolen, og dette er ein av hans masterkonsertar.

  • Lørdag 6. februar 2016
  • 14.00
  • Levinsalen

Medvirkende

Heidi Skjerve: song
John Pål Inderberg: barytonsaksofon
Vigleik Storaas: piano
Trygve Waldemar Fiske: kontrabass

alt

Omtale

Jazz frå skogom er ein kvartett med erfarne musikarar frå fire generasjonar, med eit bein på den internasjonale jazzscena og eit bein planta i den trønderske folkemusikkfloraen. Dei byr på løynde skattar frå dei Trønderske "skogom": triste skillingsviser, inderlege salmar, svingande slåttar og poesi av Kristofer Uppdal og Astrid Krog Halse i ny tonedrakt. Dei presenterer tradisjonsmusikken med jazzens leikande tilnærming, krydra med Inderbergs dadaistiske og humoristiske stuntpoesi.

Det nye albumet "Jazz frå skogom" (Øra Fonogram, november 2015) har hausta lovord i pressa.

Prosjektet "Jazz frå skogom" vart første gong presentert under Trondheim Jazzfestival i 2011 og konserten vart sendt i "Jazzklubben" på NRK P2. I 2012 gav dei ut det kritikarroste albumet "Vegen åt deg". Sidan har dei spela konsertar både i kyrkjer, på jazzklubbar og festivalar, mellom anna på Olavsfestdagane, Dølajazz, Kongsberg Jazzfestival, Hilmarfestivalen og Soddjazzfestivalen.

Utøvarane

Trygve Waldemar Fiske (f.1987) er masterstudent ved studieretning for improvisert musikk/jazz ved Musikkhøgskolen. Han har markert seg sterkt både på den norske og internasjonale jazzscena, mellom anna i Hanna Paulsberg Concept som vart kåra til Young Nordic Jazz Comets i 2011 og har gjeve ut to kritikerroste album. Han spelar også med Ine Hoem, Odd Steinar Albigtsen Kvartett og Atle Nymo kvartett. Fiske mottok "Gnist" Mørestipend i 2011. Han mottok Jazzstipend under Moldejazz 2013 , og kvitterte med konsert og ny kvartett i 2014. Waldemar 4 gav ut debutalbumet hausten 2015, til jubel frå eit samla pressekorps.

Heidi Skjerve (f.1979) er ei av stemmene i det improviserande vokalensemblet Trondheim Voices, som har gjort bestillingsverk av ei rekkje komponistar, m.a. Maja Ratkje, Jon Balke, Elin Rosseland, Mats Gustafson, Ståle Storløkken og Marilyn Mazur. I 2014 medverka dei i den prisvinnande forestillinga "Hundre hemmeligheter" ved Trøndelag Teater og Riksteateret. Skjerve har har vore solist med folkemusikktrioen Flukt, Luftforsvarets Musikkorps, Trondheim Jazzorkester, diverse storband og kor rundt om i landet. Ho har tidlegare gjeve ut to kritikerroste album med eigne låtar: "Coming Home" (2006) og "Morning News of the Woods" (2008).

John Pål Inderberg (f.1950) har lang fartstid innafor både jazz og folkemusikk, og har ved sida av musikerkarrieren hatt ein sentral rolle som professor ved jazzlinja ved NTNU. Han samarbeider både med norske og amerikanske musikarar, og har i løpet av ein lang karriere gjort konsertar og plateinnspelingar med mellom anna Lee Konitz, Warne Marsh, Chet Baker, Bob Brookmeyer, Georg Riedel, Jan Erik Vold, Henning Sommero, Oline Bakkom, Espen Rud, Steinar Raknes og Trondheim Jazzorkester.

Vigleik Storaas (f.1963) er ein velrennomert pianist som har har medvirka på ei lang rekkje CD-utgjevingar med nasjonale og internasjonale storleikar, t.d. Chet Baker, Warne Marsh, Niels-Henning Ørsted Pedersen, Trondheim Jazzorkester, og gav ut ny duoplate med Tor Yttredal våren 2015. Han har motteke Gammelengprisen (2002) og hans eigen trio har hausta Spelemannspris for i jazzklassen for albumet "Bilder" i 1995 og  "Andre bilder" i 1997.