Jervaas: Piano

Bendik Baksaas og Kjetil Jerve utforskar minimalisme og eksperimentell DJ-ing.

  • Lørdag 30. september 2017
  • 18.00
  • Lindemansalen
  • Gratis

Medvirkende

Bendik Baksaas (piano) 

Kjetil Jerve (piano)

Omtale

Bendik Baksaas og Kjetil Jerve utforskar minimalisme og eksperimentell DJ-ing. Duoen Jervaas har gjennomført kunstnaropphald i Amsterdam og Volda med synthar og platespelarar som verktøy, men no er tida inne for å gå akustisk til verks. Konserten opnar med eit improvisert sett av Baksaas, så eitt av Jerve. Etter ein liten pause møtest begge musikarane i ein pianoduo. Musikken vil truleg vere rein og inviterande, men ein veit jo aldri.

Bendik Baksaas er student på det frie kandidatstudiet og Kjetil Jerve avslutta studiet sitt på Musikkhøgskolen i 2014.

Jervaas: Bendik Baksaas og Kjetil Jerve.