Jubilant!

Lærarar og studentar markerer 100-årsjubileet til Arnold Schönbergs konsertforening i Wien.

  • Onsdag 23. januar kl. 19.00
  • 19.00
  • Levinsalen
  • Gratis

Medvirkende

Harald Aadland (fiolin)
Mari Okshovd (fiolin)
Yauheniya Mazynskaya (bratsj)
Vilde Alme (cello)
Loke Underdal (kontrabass)
Ingvild Ness (fløyte)
Fredrik Eriksen (klarinett)
Johanna Aichriedler (fagott)
Julius Pranevicius (horn)
Julie Ye (klaver), Olga Jørgensen (klaver)
Gunnar Sama (klaver)
Sigstein Folgerø (klaver og harmonium)
Solveig Bergersen (sang)
Karen Hovd (sang), Håkon Anvik (sang)
Clara Jonsson (sang)
Frida Lund-Larsen (sang)
Darla Crispin
Morten Carlsen
Gjertrud Pedersen

Omtale

For 100 år siden etablerte Arnold Schönberg (1874–1951) konsertforeininga si i Wien, og i løpet av eit par intense år holdt foreininga ei mengde konsertar med store symfoniske verk i kammerformat. Vi feirar jubilanten med eit variert program som viser transkripsjonskunsten frå tre hundreår.

På konserten gir vi smakebitar av den musikken som blei framført ved Schönbergs foreining, mellom anna ein sats frå Mahlers 7. symfoni transkribert for 4-hendig klaver og ein song frå Debussys songsyklus Fêtes galantes. Sist nemnde verk blei framført i Schönbergs foreining 23. januar 1919, nøyaktig hundre år tilbake i tid.

Vidare vil vi presentere ein sats frå Beethovens 7. symfoni i ein versjon for 8-hendig klaver, samt utdrag frå Sigstein Folgerø sine eigne kammerversjonar av musikk av Mozart. 

Kvelden blir runda av med valsar av Johann Strauss – arrangerte for kammerensemble av Arnold Schönberg og Alban Berg.

Vi serverer bursdagskake.