NMH_storband_2016 - web.jpg

Julestjernekamp (eller første fredag i innadvent)

Dette semesteret er ikkje storbandet med på Stjernekamp, men maestro Helge Sunde har derimot klekka ut ein plan om ein Julestjernekamp.

  • Fredag 1. desember kl. 19.00
  • 19.00
  • Lindemansalen
  • 150/100
Kjøp billett

Medvirkende

Musikkhøgskolens storband
Helge Sunde (dirigent)

Omtale

Gjennom fleire sesongar «Stjernekamp» på NRK har Norges musikkhøgskoles storband markert seg som eit av landets aller fremste store ensembla for jazzmusikk. Gjennom fleire prosjekt årleg presenterar bandet nyskreven og nyarrangert musikk på høgt nivå.

Dette semesteret er ikkje storbandet med på Stjernekamp, men maestro Helge Sunde har derimot klekka ut ein plan om ein Julestjernekamp. Norske verdiar står som kjent under press og her er det julesongane som går gjennom pressa. Kva har vi i vente? Blir grøne glitrande tre til fire? Vil det lyse i stille grender? Er det ei stjerne høgt i toppen og er stjerna tidlegare NMH-student? Dei som kjem på Julestjernekampkonsert i Lindemansalen får sjå.

Om billettar

Du kan kjøpe billettar på førehand via nmh.ticketco.no. Du kan du óg kjøpe billettar i døra med kort eller Vipps. Musikkhøgskolen tar ikkje kontantar.
Les meir om billettsal ved Musikkhøgskolen.