Are_Sandbakken m studenter.jpg
Professor i kammermusikk Are Sandbakken er primus motor for ECMA. Foto: Kimm Saatvedt

Kammermusikkdagar i Oslo - ECMA

Musikkhøgskolen får sitt årlege besøk frå European Chamber Music Academys lærarar og ensemble, for fem dagar med meisterklassar, konsertar og foredrag.

  • Torsdag 31. mars 2016
  • 19.31
  • Levinsalen og Lindemansalen
  • Gratis

Program

Torsdag 31. mars kl 19.30, Lindemansalen - Opningskonsert   
Med Hanson Quartet og Quatuor Akilone

Fredag 1. april kl. 15.00, Levinsalen
Foredrag ved Morten Carlsen, Musikkhøgskolen
Korleis kjem vi nærmare musikken og meininga med musikken? Korleis finn musikken si meining gjennom noteteksten? Gir musikken meir meining i lydform?

Laurdag 2. april kl 15.00, Levinsalen
Klassisk- og barokkdans ved Elizabeth Svarstad
Liv Glaser (hammarklaver)
Foredrag, dansekurs for ensembla som deltar på kammermusikksamlinga (ECMA-ensembla)

Laurdag 2. april kl. 18.00, Levinsalen - Kammermusikkonsert  
Med Equalis Quartet:, Tchalik Quartet og Trio Arte

Søndag 3. april kl 15.00, Levinsalen
Aural Sonology «Metre and Musical Meaning. What does a rubato achieve?»
Foredrag ved Lasse Thoresen

Måndag 4. april kl 15.00, Levinsalen
«Rhetoric in music and the musical discourse»
Foredrag ved gjestelærar Johannes Meissl

Måndag 4. april kl. 19.30, Levinsalen - Avslutningskonsert
Med Hanson Quartet og Quatuor Akilone, Parlando Quartet og Sonus Saxophonequartet

Omtale

Frigjere det musikalske
ECMA (European Chamber Music Academy) er eit eksklusivt kammermusikalsk samarbeid mellom nokre av dei leiande musikkhøgskolane i Europa.

Kvart år arrangerer alle dei åtte medlemslanda samlingar. Kammergrupper og musikarar frå heile Europa blir inviterte til å delta i eit miljø som ynskjer å gje nye impulsar til sjangeren.

Musikkhøgskolen byr på eit variert program, med foredrag, dansekurs, konsertar og opne meisterklassar. Progammet held eit internasjonalt nivå med aktørar som får utfalde seg til glede og utvikling for tilhøyrarane.

Lærarar i år er Johannes Meissl frå Wien, Patrick Jüdt frå Bern, og Are Sandbakken, Wolfgang Plagge og Morten Carlsen frå Musikkhøgskolen.