Klassisk på Kulturhuset: FAE Kvartetten

  • Mandag 30. oktober 2017
  • 19.00
  • Kulturhuset, LAB
  • Gratis
  • Avlyst

Medvirkende

Sara Chen og Amanda Horn (fiolin), Ester Forsberg (bratsj) og Christopher Mui (cello)

Program

Ludwig van Beethoven (1770-1827):
Strykekvartett, op. 18 nr. 2 i G-dur
Antonín Dvořák (1841-1904):
Strykekvartett nr. 13, op. 106 i G-dur

Omtale

Dei to kvartettane i G-dur rammer inn eit hundreår som har betydd mykje for utviklinga av strykekvartettane. Sjølv om det er nesten 100 år mellom dei blei skapt, har kvartettane mykje til felles.

Begge kvartettane har fire satsar, og følger den klassiska strukturen for kvartettkomposisjon - ein førstesats i sonatesatsform, ein langsam andresats, ein livleg og lett tredjesats og ein finale til slutt.

Beethovens kvartett op. 18 blei publisert i 1801 i ein serie på seks strykekvartettar. Då Beethoven skreiv kvartetten var han elev av Joseph Hayden, og ein kan høyre likskap med ein av Haydns siste kvartettar, op. 77 nr. 1.

Dvořák skreiv den trettande kvartetten på slutten av 1895. Tonearten G-dur blir ofte skildra som frydefull og lett, noko som kan passe bra sidan Dvořák komponerte kvartetten då han kom heim til Europa etter tre år i Amerika.