Klassisk på Kulturhuset med perler frå strykerepertoaret

  • Mandag 13. november 2017
  • 19.00
  • Kulturhuset, Boksen
  • Gratis

Medvirkende

Trio Sol: Alexandra Peral (fiolin), Ester Forsberg (bratsj) og Maria Alejandra Conde Campos (cello)

Program

Ernő Dohnányi (1877-1960): Serenade for stryketrio, op. 10 i C-dur
Ludwig van Beethoven (1770-1827): Stryketrio, op. 9 nr. 1 i G-dur
Wolfgang Amadeus Mozart (1756-1791): Divertimento for stryketrio, K 563 i Ess-dur
 

Omtale

«Kva repertoar finst eigentlig for stryketrio?», spør folk og blir forbløffa over at det er så mykje. Då strykekvartetten «slo i gjennom» på 1800-talet, ble det komponert masse musikk for fire strykarar og populariteten til stryketrioen falt. No vil vi vise fram noko av den fantastiske musikken som er komponert for dette lille og særs utfordrande formatet, og vi valt ut tre kjende perler blant stryketriorepertoaret:

I Serenade i C-dur av den ungarske komponisten Ernst von Dohnanyi (Ernő Dohnányi) høyrer vi referansar til dans og folkemusikk. Verket startar med ein kort marsj, så kjem ein romanza, ein scherzo, ein variasjonssats og sluttar med ein livleg rondo. Serenaden er eit av dei tidlege verka hans, og blei skriven i 1902.

Beethoven komponerte tideg fleire stryketrioar, men slutta etter at han publiserte den første strykekvartetten i 1801. I 1797-1798 komponerte han tre stryketrioar, op. 9 nr. 1-3, som han dedikerte til velgjeraren Johann Georg von Browne. Trioen i G-dur er skrive i klassisk stil; 1. sats i sonatesatsform, deretter ein langsam sats, ein scherzo og til slutt ein presto. At Beethoven valde å komponere første sats i sonatesatsform indikerer at han ikkje så på verket som lett underhaldningsmusikk, noko som var tilfelle med til dømes op. 8, Serenade i D-dur.

Ess-dur blir kalla den keisarlege eller kongelege tonearten, og Mozarts Divertimento for stryketrio i Ess-dur kan ein verkeleg kalle ein av kronjuvelane i stryketriorepertoaret. Det er eit omfattande meisterverk i seks satsar. Trioen startar med ein allegro i sonatesatsform, så følger ein adagio, også i sonatesatsform, deretter ein menuett, ein variasjonssats, enda ein menuett og til slutt ein allegro i sonate-rondoform. Trioen blei skriven i 1788 og er det einaste verket Mozart skreiv for kombinasjonen fiolin, bratsj og cello.
Tekst: Trio Sol