Kortreist

Jazz rett frå øverommet til ei nasjonal scene.

  • Tirsdag 31. oktober kl. 20.00
  • 20.00
  • Nasjonal jazzscene, Victoria
  • Gratis

Medvirkende

Lysne/Eilertsen: Jo David Meyer Lysne (akustisk gitar, preparert akustisk gitar) og Mats Eilertsen (bass)
Todah Rabah
Lina&Jakob: Lina Lambertz (vokal og gitar), Jakob Eri Myhre (trompet og elektronikk)

Omtale

Lysne/Eilertsen speler eigenkomponert materiale skrive for akustisk gitar og kontrabass. Musikken utforskar klanglege kvalitetar i akustisk gitarspel ved å preparere og bruke alternative stemmingar (tuninger). Desse lydane kan danne grunnlag for komposisjonar og improvisasjonar.

Todah Rabah består av ni musikarar. Dei jobbar aktivt mellom arrangement og improvisasjon med ein eigenarta sound som blir produsert av heile seks strengeinstrument i samklang med trompet, saksofon og slagverk. Musikken er instrumental – men sangbar, moderne – men med røtter i etnisk musikk, arrangert – men uforutsigbar. Når ein høyrer Todah Rabah får ein assosiasjonar til amerikansk jazz frå 2000-talet, østlig og nordisk folkemusikk og ikkje minst nordisk jazz.

 

 

Lina&Jakob

Lina&Jakob er ein utforskande duo som speler eksperimentell, lavmælt popmusikk ved hjelp av song, gitar, trompet og elektronikk.