trekkspill_0298.jpg

Krassmir Sterev (akkordeon)

Akkordeonist og gjestelærar Krassmir Sterev held solokonsert i forbindelse med meisterklassen 9. mars.

  • Fredag 8. mars kl. 19.30
  • 19.30
  • Levinsalen
  • Gratis

Omtale

«Why contemporary music? Out of a daily inner force to still discover the unheard, the unknown and to learn, understand and speak a new language.»

Med disse orda står det klart, at akkordeonisten Krassimir Sterev vil utforske strøymingane i den nyaste musikken. Ein pasjon han lever ut på Europas mest anerkjende konsertscener og festivalar for moderne musikk, både som solist, kammermusikar og som medlem av ensemblet Konzertforum Wien. Krassimir Sterev underviser på Hochschule für Musik und Theater i München og på sommarskolen i Darmstadt. 

Vi er derfor særs glade for å ønske han velkommen på NMH – ikkje berre til solokonsert, men òg til meisterklasse laurdag 9. mars. Meir info om meisterklasse kjem på nmh.no