längstwelle1-f Martin Bremnes 11.5..jpg
Foto: Martin Bremnes

Längstwelle

Martin Bremnes og Magnus Breivik held audiovisuell konsert med fokus på oppvekst og minne.

  • Lørdag 11. mai kl. 18.00
  • 18.00
  • Lindemansalen
  • Gratis

Medvirkende

Martin Bremnes (trommer, elektronikk, filmskapar)
Magnus Breivik Løvseth (tuba, elektronikk)

Omtale

Kva minne har vi eigentlig har med oss frå barndommen? Längstwelle er ei audiovisuell konsertframsyning som undersøker sjølvutlevering igjennom improvisasjon. Ved hjelp av gripande live-visuals blir minne utforska for å kunne seie noko om korleis vi opplever oppveksten. Med bilde av storslåtte gruver, nedslitne klasserom og islagte fjordar skildrar framsyninga tomheita og usikkerheita ein erfarer, samt vala ein tar i livet som ung. Framsyninga ønsker å plukke fram dei vanskelege situasjonane som kan oppstå, og dei traumatiske aspekta som følger deg resten av livet.