Laura – Operaaften

Masterkonsert

I sopranen Elisabeth Gimmestad sitt masterprosjekt, møter vi «Laura» og «Lauretta» - roller som er inspirerte av kvinner i operaverda.

  • Mandag 3. april 2017
  • 19.00
  • Musikk & Scenehuset, Christiania torv 1
  • Gratis

Medvirkende

Elisabeth Gimmestad (sopran)
Tor Espen Aspaas (klaver)

Omtale

I sopranen Elisabeth Gimmestad sitt masterprosjekt, møter vi dei to kvinnene «Laura» og «Lauretta» i kvar sin operaaften. Laura blir å høyre den 3.april, medan Lauretta skal i elden den 7.juni. Begge roller blir spelt av Elisabeth Gimmestad, og ho har den eminente pianisten Tor Espen Aspaas ved si side.

Kven er Laura?

Laura bryr seg fint lite om at ho er forbi sin beste alder i livet, og at underholdningsbransjen ikkje er heilt som før. Ho held det gåande i sine gamle glitterkjolar, nettingstrømper og boa, og syng dei same cabaretsongane og operaariane som ho alltid har gjort.

Bak scena ventar bobler til pausen, og det skjer endå at ho får gode tilbod utover kvelden. Før i tida fekk ho ofte juvelar frå elskarane sine, og desse vaktar ho over som om dei var hennar største kjærleik på jord.

Laura er temperamentsfull, eksentrisk og uredd. Ho elskar publikum, og ho fortel utan oppmoding om sine veldige romansar, utrulege reiser til stadar ingen har høyrt om og krigar som aldri fann stad.

Ho gler seg som eit barn til den 3.april, og ynskjer alle hjerteleg velkomne!

«Laura og Lauretta»

Både Laura og Lauretta er roller som er inspirerte av kvinner i operaverda. Laura representerer den godt vaksne og livserfarne kvinna som både kan vere vulgær og gal, men som er stolt og står trygt på høge helar. Lauretta representerer den barnlege ungjenta som gjerne er både utspekulert og rampete, men som òg er sjarmerande naiv og fantasifull. Vi møter Laura i eit underhaldningslokale, der historiene hennar dreg oss tilbake til gløymde tider, medan Lauretta tek oss med til ei fiktiv verd i framtida der draumane frå dagbøkene hennar plutseleg utspelar seg.

Elisabeth Gimmestad blir ofte bedt om å synge roller som minner om Laura og Lauretta. Ho hadde derfor lyst til å vekke desse karakterane til liv og gje kvar av dei ei framsyning der publikum får bli kjende med kvinnene. Masterprosjektet er òg ein refleksjon rundt alder og tid, og korleis kvart einskild menneske utviklar seg gjennom livet.