Lauretta: Operaaften

Masterkonsert - eksamen

Dette er den siste av Elisabeth Gimmestad sine mastereksamenar i klassisk sang ved Norges musikkhøgskole. I den førre framsyninga fekk de møte Laura, men denne kvelden er det Lauretta det handlar om.

  • Onsdag 7. juni 2017
  • 18.00
  • Lindemansalen
  • Gratis

Medvirkende

Lauretta: Sopran Elisabeth Gimmestad
Pianist: Tor Espen Aspaas

Omtale

Masterprosjektet til Elisabeth Gimmestad "Laura og Lauretta" går kort forklart ut på at Elisabeth har utvikla to roller (Laura og Lauretta) inspirerte av kvinneroller i operaverda.

Lauretta er av foreldra sine kalla opp etter rolla med same namn i Puccini sin opera Gianni Schicchi.
Lauretta er ei kreativ sjel, og arbeider iherdig kvar kveld på pikeværelset sitt med det som skal bli ei stor framsyning. Denne skal heite: Lauretta: Operaaften, og skal framførast når Lauretta ein vakker dag blir ei kjempeflink operasangerinne!
Lauretta teiknar, noterer, snakkar delvis med seg sjølv og delvis til eit innbilt publikum, - og så syng ho sjølvsagt!

På programmet står 10 ariar av komponistane: Bellini, Puccini, Verdi, Leoncavallo, Donizetti, Delibes, J.Strauss, Beethoven og Stravinskij.
Hjerteleg velkomne

alt