Messing f Christian Hauge.jpg
Foto: Christian Hauge

Lyden av trompetar

Trompetensemblet på Musikkhøgskolen speler musikk frå fire hundreår.

  • Tirsdag 26. februar kl. 19.00
  • 19.00
  • Lindemansalen
  • Gratis

Omtale

Vi høyrer sjeldan reine trompetensemble på konsertscener i dag. I det syttande og attande hundreåret var lyden av trompetar og paukar eit signal på kongeleg nærvære, både i hoffet og på slagmarka. Fram til enden av barokken spelte trompetistar og paukistar sin fantastiske musikk ved kroningsseremoniar, kongelege bryllaup, konkurransar og andre feiringar.  

Trompetlyden har framleis ein magisk effekt. På dagens konsert presenterer trompetklassa på NMH, under leiing av Wolfgang Guggenberger, eit program med trompetmusikk frå fire hundreår – frå barokk til moderne, frå fabelaktige lydar til nyare harmoniar og jazz-rytmar.