Magnus Murphy Big Band

Ein frisk presentasjon av ny norsk storbandmusikk, inspirert av Frank Zappa, Helge Sunde, Erlend Skomsvoll, Beyoncé og Knutsen & Ludvigsen.

  • Mandag 2. oktober 2017
  • 19.00
  • Kulturhuset, LAB
  • Gratis

Omtale

Magnus Murphy Joelson har dei siste åra komponert for, leia og spelt med ei rekke storband og større ensemble både i Norge og rett utafor landegrensene. Det er difor på høg tid å danne sitt heilt eige storband. Han tar med seg ein solid bunke nye og gamle komposisjonar og samlar nokre av dei aller beste venene og medmusikarane sine til ei utforsking av eigen musikk. Det blir ein frisk presentasjon av ny norsk storbandmusikk, mellom anna inspirert av Frank Zappa, Helge Sunde, Erlend Skomsvoll, Beyoncé og Knutsen & Ludvigsen.