Mahlers 3. symfoni
-
Lørdag 19. januar
kl. 18.00
- 18.00
- Oslo konserthus
- 155-395 NOK
- https://www.facebook.com/events/2245927918759451/
Medvirkende
Studenter fra Norges musikkhøgskole
Kringkastingsorkestret
Sølvguttene
Kvindelige studenters sangforening
Miguel Harth-Bedoya (dirigent)
Anna Larsson (altsolist)
Omtale
For tre år sida samarbeida KORK og Norges musikkhøgskole om å framføre Symfoni nr. 2 av Gustav Mahler (1860-1911).
Denne gongen slår dei seg saman igjen, og da får ein moglegheita til å tenke stort; noko større enn Gustav Mahlers 3. symfoni kan ein vel knapt tenke seg. Inspirert av folkediktiga samla i Des Knaben Wunderhorn skriv han eit verk i seks satsar (1. sats er på over ein halvtime) som sprenger alle symfoniske rammer. Han sa sjølv at det kanskje ikkje kunne kallast ein symfoni, men Mahlers eigen filosofi var at ein symfoni skal romme ei heil verd. Om du ikkje har opplevd «larger than life»-opplevinga det er å høyre Mahlers 3., veit du kva du gjer 19. januar.
Det heile blir leia av Kringkastingsorkestrets peruanske sjefdirigent Miguel Harth-Bedoya.
Til informasjon: Konsertar som blir arrangert av andre aktørar enn Norges musikkhøgskole, er dessverre ikkje gratis for studentar.