marianna.shirinyan.jpeg
Marianna Shirinyan

Marianna Shirinyan og Kathryn Stott

NB! KONSERTEN ER FLYTTET TIL 29. SEPTEMBER. Dette er første gongen våre nye klaverprofessorar Marianna Shirinyan og Kathryn Stott speler saman.

  • Tirsdag 16. februar 2016
  • 18.00
  • Levinsalen
  • 150/100/50
  • Avlyst

Medvirkende

Marianna Shirinyan og Kathryn Stott (klaver)

Program

Wolfgang Amadeus Mozart: Sonate i D-dur for to klaver, KV 448
Gabriel Fauré: Nocturne nr 6
Graham Fitkin: Relent
Alban Berg: Klaversonate, op 1
Frédéric Chopin: Nocturne nr 9, op 1
Sergej Rakhmaninov: Suite nr 2 for to klaver, op 17

Omtale

Eit første møte med to meistrar

Dette er første gongen våre nye klaverprofessorar Marianna Shirinyan og Kathryn Stott speler saman. På programmet står mellom anna verk av Mozart og Rakhmaninov for to piano. Det blir eit spennande første møte mellom to meistrar, og ifølgje Marianna Shirinyan er dette «byrjinga på eit vakkert samarbeid».

Kathryn Stott har valt to verk som betyr mykje for henne og som ho føler gir ein god introduksjon til hennar smak og virke.

Som sitt første nummer vil ho spele Gabriel Faures Nocturne nr. 6. – Eg har ei særs sterk tilknyting til fransk musikk, seier Stott, som tidlegare har gitt ut fleire plater med Faurés verk. – Dette er musikk som er heilt spesiell for meg og står hjartet mitt nært.

Som sitt andre nummer har ho valt «Relent» av den britiske samtidskomponisten Graham Fitkin. Verket blei skriven spesielt for Stott i 1998, og var det første av i alt sju bestillingsverk Fitkin har komponert for henne.  – Det er eit av dei vanskelegaste stykka eg nokon gong har spelt, men og eit av dei mest spennande, seier Stott. Ho har spelt musikk av Fitkin i Norge tidlegare, under Risør kammerfest, men seier ho håpar denne konserten vil introdusere musikken hans til fleire, særleg til klaverstudentane.

Som sitt første innslag har Marianna Shiriniyan valt Alban Bergs Klaversonate, op 1, som ho har hatt på repertoaret i mange år. – Eg gløymer aldri første gong eg skulle framføre dette verket, fortel Shiriniyan. – På veg til konserten, like over vegen for der eg sjølv budde i Wien, fekk eg auge på ei minneplakett der det sto at her budde Alban Berg då han skreiv denne sonaten! Eg såg det som eit teikn. Så no ber eg han alltid med meg i kofferten, med kjærleik.

Som Kathryn Stott har Shiriniyan òg valt å spele ei nocturne. – Eg har valt Chopins Nocturne nr 9, op 1, for eg trur dei to nocturnane – skrive av to svært ulike musikalske geni – vil komplettere kvarandre, seier Shiriniyan. – Og som pianist kjem ein ikkje unna Chopin. Alle må ha minst eit møte med hans geni i løpet av livet, avsluttar ho.

Klaverdagane elles vil bestå av meisterklassar, samtalar og foredrag med dei to pianistane.

alt

Kathryn Stott
Kathryn Stott er internasjonalt anerkjend som ein av Storbritannias mest allsidige og fantasifulle musikarar og er blant dei mest etterspurde pianistane i dag. Ho er med i ei rekke kammermusikkgrupper, speler med nokre av verdas leiande instrumentalister og opptrer på store internasjonale konsertscener. Blant anna har ho opptredd og gjort CD-innspelingar med Yo-Yo Ma i 30 år. Saman har dei jamleg turnert i Europa, USA, Sør-Amerika og Austen. Stott har og vore kunstnarleg leiar for fleire konsertseriar og festivalar, og har utvikla ein omfattande og svært variert katalog av innspelingar. I tillegg til ein travel karriere som artist, er ho gjesteprofessor ved Royal Academy of Music i London og, frå hausten 2015, klaverprofessor ved Norges musikkhøgskole.

Marianna Shirinyan
Marianna Shirinyan er ein prisvinnande armensk pianist. Sidan ho i 2006 vann fem prisar under i den prestisjefulle ARD Musikwettbewerb i München, har Shirinyan vore ein etterspurd solist og kammarmusikar. Ho har gjesta internasjonale musikkfestivalar og opptredd som solist med ei lang rekke av dei leiande orkestra i Europa, og i 2013-2014 var ho Artist in Residence ved Odense Symfoniorkester. I 2010 vart Shirinyan – som den første nokon gong – tildelt Danmarks Radio sin nye klassiske kunstnarpris: P2 Prisen. Same året blei debut-CD-en «Kammermusikk av Chopin», med cellisten Andreas Brantelid og fiolinisten Vilde Frang, kåra til Årets Danske Kammermusikk/soloutgiving. Utanom karrieren som konsertpianist underviser Shirinyan ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium og hausten 2015 blei ho tilsett som klaverprofessor ved Norges musikkhøgskole.