Mascha Corman & Mike McCormick's EIDOLON

Masterkonsert

Mascha Corman og Mike McCormick speler duokonsert med improvisasjon og eidolon.

Medvirkende

Mascha Corman (stemme)
Mike McCormick (Eidolon) 
 

Omtale

I oktober 2018 spurte vokalist Mascha Corman Mike McCormick om å spele ein duokonsert med improvisert musikk saman med ho i Sveits - men han hadde planlagt å vere i Canada på den tida. Svaret hans var å lage EIDOLON, ein algoritmisk generert «score» med lydar og interaktiv lydbehandling, oppretta i programvaren SuperCollider. Den første framføringa av denne «duoen» var i oktober 2018, og denne konserten vil inneholde mange vidareutviklingar av prosjektet.

Masterstudent Mike McCormick er gitarist, laptoputøvar og komponist frå Yellowknife i Canada. Sjølv om hans primæruttrykk er gjennom musikkframføring, er Miks kreative produksjon frå ei rekke fagområde, inkludert konsept- og performancekunst, elektroakustisk musikk, litteratur frå 1900-talet, og ulike notebaserte og improviserte musikktradisjonar. Hans prosjekt no inkluderer den improviserande trioen BRINICLE, den improviserande laptop / saksofonduoen Abelseth/McCormick og komponistorkesteret OJKOS. Les meir på hans eiga heimeside.

Mascha Corman er vokalist og komponist født i Düsseldorf i Tyskland. Ho studerte jazzsong og komposisjon ved Musikkhøgskolen i Köln, samt døvepedagogikk ved Universitetet i Köln. Sidan 2018 har ho fullført masterstudium ved Kunstakademiet i Bern. Cormans komposisjonar og konsept spenner frå moderne jazz, fri improvisasjon og poesi. Ei sterk interesse ligg i å utforske potensialet i stemma. Som komponist, songar og vokalist har ho deltatt i fleire tverrfaglege prosjekt, og er grunnleggaren av initiativet STIMMUNGEN i Loft i Köln. Les meir på hennar eiga heimeside.

Foto: Oliver Eltinger
Foto: Rakel Emilie Emhjellen Paulsen