Mike McCormicks univers møter original fløytetrio

Spillerom 18

Improvisasjon og grafiske partitur blir utforska av One Rotten Camel og McCormick/Pranevičiūtė.

  • Onsdag 2. mars 2016
  • 18.00
  • Levinsalen
  • Gratis

Medvirkende

Mike McCormick (el-gitar og elektronikk)
Ieva Pranevičiūtė (horn og elektronikk)

One Rotten Camel:
Henriette Eilertsen (fløyte)
Håkon Nordby Bjørgo (bass)
Ivar Myrset Asheim (trommer)

Program

Cornelius Cardew: Utdrag fra TREATISE
Mike McCormick: QUARREL
Mike McCormick og Ieva Pranevičiūtė

- - liten pause - -

One Rotten Camel

Omtale

Sidan dei starta å samarbeide hausten 2015 har hornist Ieva Praneviciute og gitarist Mike McCormick streba etter å utforske nye metoder både for framføring og for komposisjon. Saman har dei valt å konsentrere seg utelukka om å innstudere grafiske partitur. Konserten inneheld musikk av blant anna Cornelius Cardew og Mike McCormick.

One Rotten Camel er ein trio med fløyte, bass og trommer. Bandet blei til hausten 2013 på Musikkhøgskolen gjennom eit felles ønske om å utforske det musikalske rommet mellom tre sterke individ. Musikken speiler ei felles kompositorisk haldning med kjærleik for det improviserte og frie. Det har ført til ei fordomsfri tilnærming til det vakre, det rare, det intense og det minimalistiske.