Min eneste klassekamerat - NoCoM class of 2016

Magnus Murphy Joelson og Vegard Kvamme Holumvar Musikkhøgskolens to aller første studentar på det nordiske jazzkomposisjonsstudiet. No er dei klare for å presentere sin heilt eigen klassekonsert: «Min eneste klassekamerat».

Medvirkende

Magnus Murphy Joelson (trombone) og Vegard Kvamme Holum (trompet)

Omtale

Magnus Murphy Joelson (trombone) og Vegard Kvamme Holum (trompet) var Musikkhøgskolens to aller første studentar på det nordiske «NoCoM»-studiet. Etter ei rundreise i Skandinavia og studieopphald ved partnarinstitusjonane i Gøteborg og København er dei no «komme heim» og klare for å presentere sin heilt eigen klassekonsert kalla «Min eneste klassekamerat».

Den komponerande musikar (The Composing Musician - NoCoM) er eit studium som kombinerar jazz/impro med komposisjon. Studiet er eit samarbeid mellom Norges musikkhøgskole, Rytmisk Musikkonservatorium i København og Högskolan för Scen och Musik i Gøteborg.