Hammerklaver Ringlund og Glaser 019.jpg
Foto: Privat

Monodrama

Masterkonsert

Å formidle ei historie heilt aleine på scena kan vere ein krevjande affære. Nettopp dette er det Ragnhild Thu Austnaberg vil fordjupe seg i gjennom masterprosjektet sitt.

  • Fredag 29. mars kl. 19.00
  • 19.00
  • Levinsalen
  • Gratis

Medvirkende

Ragnhild Thu Austnaberg (sopran)
Ivar Anton Waagaard (hammarklaver og klaver)

Omtale

Eit monodrama er eit teatralsk og gjerne operatisk stykke skrive for éin songar, som oftast portretterer éin karakter. I denne første av to konsertar tar Ragnhild for seg to monodrama skrive for song og klaver. Dette blir nesten ei slags «oppvarming», før ho i den avsluttande konserten skal skape eit monodrama med berre musikk skrive for solo sopran, utan akkompagnement. I begge konsertane vil ho utforske spelerommet som oppstår med så få aktørar, og korleis det er å vere det bærande elementet i ein konsert.